Hopp til innhold

– Tull at Florø blir ein filial i Torghatten

Påstanden frå Dagfinn Neteland om at Fjord1-administrasjonen i Florø blir ein filial når Torghatten overtek er noko stort tull, seier Frode Folkestad, som er konsernaksjonær i Torghatten.

Gassferga Værøy på vei inn Bodø havn

– EITT AV DEI BESTE: Folkestad meiner Torghatten er eitt av dei beste reiarlaga i landet. Dette er ferja Værøy på veg inn til Bodø.

Foto: Sigurd Steinum / NRK

I ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane torsdag tordna Neteland og avtroppande styreleiar Reidar Sandal mot fleirtalet i fylkestinget, som gjekk inn for å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1 til Torghatten.

Neteland sa då at fleirtalet på 16 mot 15 i fylkestinget har gjort Fjord1 til ein filial av Torghatten. Dette får Frode Folkestad til å reagere.

– Det er positivt feil. Eg vil at sanninga skal kome fram. Etter mi meining blir Fjord1 eit sjølvstendig selskap i Florø, med ein eigen administrasjon som i dag. Skilnaden blir at Torghatten sit som eigar i staden for Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Frode Folkestad

– VIL HA FRAM SANNINGA: Konsernaksjonær Frode Folkestad i Torghatten.

Foto: privat

Lokale administrasjonar

Folkestad meiner Neteland og Sandal framstiller Torghatten på ein feilaktig måte.

– Dei gløymer at Torghatten-konsernet er eitt av dei beste rutereiarlaga som finst på norskekysten. Konsernet er bygd opp med lokale administrasjonar der dei driv verksemda si.

– Ta til dømes Torghatten Nord i Tromsø, som har ein sjølvstendig administrasjon i Tromsø og ein mindre deladministrasjon i Stokmarknes. På Austlandet driv Bastøy Fosen eitt av landets største ferjesamband mellom Horten og Moss. Der sit ein lokal administrasjon i Horten med både teknisk og administrativt personell.

– Naturleg å sjå på storleiken

Folkestad meiner dette viser at Fjord1 vil bestå i Florø, men han kan ikkje garantere at talet på tilsette blir like stort som i dag.

– Det vil vere naturleg at Torghatten går inn og ser på storleiken til administrasjonen i Florø.

Folkestad meiner Dagfinn Neteland har eit vikarierande motiv for å gå ut på den måten han har gjort.

– Han vart slått i grus i Norled-prosessen, og difor trur eg han er litt sår for at han ikkje fekk til eit stort vestlandsreiarlag som han kunne bli konsernsjef i.