NRK Meny
Normal

– Trump-politikk minner om Nazi-Tyskland

KrF-fylkesleiar Trude Brosvik samanliknar Donald Trump sitt omstridde innreiseforbod med jødehat og under andre verdskrig.

Donald Trump Is Sworn In As 45th President Of The United States

INNVANDRINGSFORBOD: Innvandringsforbodet som Donald Trump har innført i USA har møtt mykje motstand, og blir no samanlikna med politikken til Nazi-Tyskland.

Foto: Alex Wong / AFP

– Du får bilete du ikkje liker på netthinna. Blant anna til dei som fekk tildelt ei jødestjerne under andre verdskrig, seier Trude Brosvik som er leiar for Sogn og Fjordane KrF.

Trude Brosvik avsluttande valdebatt 2015

MEINER NOK ER NOK: Politikar Trude Brosvik meiner Trump og hans politikk ikkje høyrer heime i eit demokrati.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Politikaren rasar mot Trump og hans ordre som førar til at innbyggjarar frå muslimske land som Iran, Irak, Libya, Somalia, Sudan, Syria og Jemen ikkje slepp inn i USA. Ho samanliknar det med Hitler og hans diskriminering under andre verdskrig.

– Når Trump skil folk ut frå om dei er fødd i eitt land, høyrer til ei rase eller har ei spesiell tru, så er det veldig alvorleg.

No etterlyser Brosvik meir handling frå regjeringa, og krev at dei kallar den amerikanske ambassadøren inn på teppet.

– Å stenge ute folk høyrer ikkje heime i eit demokrati. Det er viktig at Norge bruker alle diplomatiske kanalar for å få den amerikanske presidenten til å skjønne at dette ikkje er greitt av eit samarbeidsland, seier ho.

– Det er ein skammeleg parallell

Samanlikninga av Nazi-Tyskland og politikken til Trump fell ikkje i god jord hjå Frp.

– Det er ein skammeleg parallell. USA er eit land som set sikkerheita til eigne innbyggarane først, før dei har fått på plass rutinar som kan luke ut terroristar. Trump går kanskje for langt, men å dra parallellar til jødeutryddinga blir drygt, seier Britt Dalsbotten som er stortingskandidat for Frp i Sogn og Fjordane.

Britt Dalsbotten Frp

LIKAR IKKJE SAMANLIKNINGA: Frp-politikar Britt Dalsbotten likar ikkje at det blir dratt parallellar mellom Donald Trump og Nazi-Tyskland.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

KrF vil ha ambassadøren med på alvorsprat

Presidentordren gir midlertidig innreiseforbod for statsborgarar frå sju land, noko Brosvik kallar både uverdig og farleg.

– Når eitt av dei store demokratia i verda tar i bruk verkemiddel som du kjenner frå diktatur, så er det viktig å reagere på dette.

Den norske regjeringa må stå på for å påverke den amerikanske presidenten i rett retning, meiner Brosvik.

Avviser å kalle inn ambassadøren

Utanriksminister Børge Brende (H) sa under Stortinget sin spørjetime i dag at det er uaktuelt for den norske regjeringa å kalle den amerikanske ambassadøren inn på teppet.

Muntlige spørretimen i Stortinget onsdag.

Utanriksminister Børge Brende (H) avviser å kalle den amerikanske ambassadøren inn på teppet. Vi har valt vår måte å gjere det på med utgangspunkt i våre nasjonale interesser, sa Brende i Stortinget sin spørjetime.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Når det gjeld å kalle ambassadøren inn på teppet, er Sverige det einaste landet som vi er kjend med i Europa som har gjort dette. Dei einaste andre landa som har gjort dette er Venezuela, Sudan og Iran. Vi har vald vår måte med utgangspunkt i våre nasjonale interesser, sa Brende.

I går ettermiddag opplyste den amerikanske ambassaden i Oslo at personar med norsk pass og statsborgarskap frå Irak, Iran, Jemen, Libya, Somalia, Sudan og Syria kan søke om å få sleppe inn i USA. Presiseringa kom etter at det har vore uvisse om innreiseforbodet også omfattar dei.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.