Illustrasjon © NRK
– Ein har ikkje flinke nok lærarar, seier Erlend Blaalid Oldeide. Han er ungdomsrepresentant i prosjektgruppa som står bak undersøkinga. Han etterlyser at lærarane sjølve tek eit ansvar for å motivere seg og skulerer seg til å bli betre lærarar gjennom heile karrieren.
– Det verste ein kan få er lærarar som sovnar på post, seier Oldeide.
Lite mobbing
Alle elevar og foreldre i kommunen er spurde om kvaliteten på skuletilbodet i Vågsøy. Prosjektet er ein del av eit omfattande arbeid for å utvikla skulane i Vågsøy.
Hovudkonklusjonen for elevane er at dei trivst godt i lag med medelevane og i friminutta. Noko av forklaringa kan vera at Vågsøy er ein av dei kommunane som har arbeidd systematisk mot mobbing i skulen.
Liten lærelyst
Når det gjeld undervisinga meiner heile 40 prosent av elevane at lærarane i liten grad gir dei lyst til å læra. Eit stort fleirtal svarar og at elevane i liten grad får vera med å laga eigne arbeidsplanar.
– Det er kanskje ikkje gitt at alle syns ein måte å lære på er den rette. Det går an å lære på forskjellige måtar, seier prosjektleiar for granskinga, Ellen Jåvold. Ho meiner skulen må ta elevane meir med på råd.
Liten påverknad
Når det gjeld foreldra, så viser granskinga av dei fleste er godt nøgde med skuletilbodet til ungane sine. Men mange meiner at skulen ikkje tek foreldra på alvor, og at foreldra i liten grad har påverknad på innhaldet i skulekvardagen, seier prosjektleiar Ellen Jåvold.
Opnare skule
Rita Andal har vore foreldrerepresentant i prosjektgruppa som står bak granskinga. Andal har hatt tre jenter på skulane i Vågsøy, og ho har merka ei haldningsendring.
– Skulane har vorte mykje meir imøtekomande til foreldra. Han har vorte mykje opnare, og det trur eg er vegen å gå vidare, seier Andal.