Hopp til innhold

«Mini» trygg på at Sogndal rykkjer ned og at Molde ikkje vinn seriegull

Jahn Ivar «Mini» Jakobsen levnar Sogndal svært små sjansar i årets eliteserie. Han ser berre eitt grep som kan sikre eliteseriespel på Fosshaugane også i 2013: «Drillo»-fotball.

Jahn Ivar Jakobsen

NEDRYKK: Jahn Ivar «Mini» Jakobsen kjenner seg «trygg» på at Sogndal Fotball må ta det tunge steget ned att i 1. divisjon i år.

Foto: Frank Almås / NRK

bloggen sin skriv TV2 sin fotballekspert at det berre er ein ting han kjenner seg «trygg» på 18 dagar før seriestart:

At Sogndal rykkjer ned og at Molde ikkje vinn serien.

– Skal eg sette pengar på noko i dag, så trur eg Sogndal rykkjer ned. At Sogndal skal bli eit nytt Haugesund som durer på og sjarmerer oss med angrepsfotball, trur eg ikkje dei har kvalitetane til, seier Jahn Ivar «Mini» Jakobsen til NRK.no.

– Ser naivt ut

46-åringen med 65 kampar og 11 mål for landslaget har sett ein del av Sogndal sine treningskampar. Men har framleis til gode å bli imponert.

  • Kva trur du om årets Sogndal-lag? Sei di meining nedst i saka.

Sogndal var nedrykksdømde også i fjor, men berga plassen.

«Mini» framhevar fjorårets trenar, Harald Aabrekk, sitt taktiske grep med kynisk fotball og fem mann bak som årsak til at Sogndal også i år kan bu seg på eliteseriefotball. Og så sette dei sjansar nok til å kapre poenga.

– Misforstå meg rett, men eg tykkjer det ser litt naivt ut. Dei prøver å spele litt meir, spele finare fotball – litt som Sarpsborg i 2011-sesongen, og alle veit korleis det gjekk. Dersom Sogndal får ein litt for glamorøs tankegang om seg sjølv, så trur eg at dette vil gå ille, seier han.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil sjå «Drillo»-fotball på Fosshaugane

Nær heile forsvarsrekkja er vekke frå i fjor. Isak Scheel, Mats Solheim og Even Hovland har alle gått vidare i fotballkarrieren. Det har også Vegar Gjermundstad gjort.

At finske Hannu Patronen er på plass i midtforsvaret og at dei framover på bana har styrkt laget med Stéphane Diarra Badji, Stian Dyngeland og Malick Mane vil ikkje vege opp for tapet i forsvarsrekkja, meiner «Mini».

– Med landslaget var vi stort sett dårlegare enn dei fleste vi møtte, men hadde ei stram defensiv organisering som gjorde at vi måtte score i løpet av tre-fire trekk når vi vann ballen, elles ville vi miste den. Vi var ikkje noko Barcelona. Og eg trur Sogndal må levere «Drillo»-fotball. Rett og slett, seier han.

Namn større enn spelaren

Sogndal har i sesongførebuinga tapt tre av sine åtte treningskampar i år. Sist med gigantiske 0–8 då eit purungt Sogndal-lag møtte Sandnes Ulf på La Manga.

Ut frå lagoppstillinga ser ein 38 år gamal tidlegare englandsproff ut til å få mykje speletid på topp.

Det eneste jeg er ”sikker” på er at Sogndal rykker ned og at Molde ikke vinner igjen.

Jahn Ivar Jakobsen / http://blogg.tv2.no/mini/

– Tore Andre Flo har du der oppe, og det smerter i mine fotballkjensler å i det heile seie noko negativt om Tore Andre Flo, som har vore ein fantastisk fotballspelar. Men eg lærte ein gong i tida frå «Drillo» at av og til blir namnet større enn spelaren, seier han og legg til:

– Eg trur nok at Tore Andre Flo har hatt sine beste år bak seg, og ikkje framfor seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Terje Skjeldestad.

UTFORDRANDE: Jahn Ivar «Mini» Jakobsen spår trenarteamet Tom Mangersnes (f.v.), Håvard Flo, Jonas Olsson og Vegard Skjeldestad i Sogndal ein tøff sesong.

Foto: Øystein Fossum

Ser realitetane

Den tidlegare Bodø/Glimt-, Rosenborg-, Young Boys-, Duisburg- og Lierse-spelaren reknar det som sikkert at også leiinga i Sogndal er klar over at dei står føre store utfordringar framfor årets sesong.

– Dei ser nok at dette vil bli vanskeleg, og at det må spelast kynisk og veldig defensivt for å få til, meiner han.

Olsson har sjølv uttala at han vil stable på beina eit Sogndal-lag som er meir offensivt enn i fjor.

Må hjelpe Olsson

Det trur «Mini» blir vanskeleg.

– Vår ven frå i fjor var mykje meir kynisk, han kjenner miljøet rundt. Så får Sogndal inn ein svenske som ikkje har sogndalkjensla og spiriten inni ryggmargen, som eg trur Aabrekk hadde. Så eg trur at det blir vanskeleg. Så får sjølvsagt unge Flo, Håvard Flo, prøve å hjelpe han i systemet rundt og få det her til, seier «Mini».

Ikkje dessert kvar dag

På bloggen sin skriv Mini vidare at Molde vil vere i toppen, saman med ikkje mindre enn seks andre lag (Rosenborg, Vålerenga, Viking, Tromsø, Aalesund og Odd). Med andre ord trur nordlendingen på ein jamn serie.

Som fotballsupporter meiner han det er positivt med jamne og tette kampar.

– Med Rosenborg var det slik at du gjekk på Lerkendal og undra deg over kor stor sigeren skulle bli. No er det slik at du aldri veit kor det går, seier han og legg til:

– Så kan ein gjerne seie at det er synd vi ikkje har nokon i Champions League eller i gruppespelet i Europaligaen. Men dessert skal du ikkje ete for ofte. Det er ikkje bra. Det er kvardagen, middagen og potetene du skal ha kvar dag, seier han.

Trur på Rosenborg

Om Even Hovland og fjorårets seriemeistrar sine gullsjansar seier Mini sine kriblande fotballkjensler følgjande:

Vaimen Even Hovland og Molde-manager Ole Gunnar Solskjær.

IKKJE GULL: Molde-spelar Even Hovland og manager Ole Gunnar Solskjær kan berre sjå langt etter seriemeisterskap i år, meiner Jahn Ivar «Mini» Jakobsen.

Foto: Øystein Fossum

– Molde er eit godt fotballag, men var ikkje så gode på hausten i fjor. Då spelte dei meir normalt. Viking, Vålerenga, Rosenborg var ikkje så veldig bra dei heller som gjorde at Molde vann. Eg trur ikkje dei har kvaliteten i laget som gjer at dei vinn to år på rad, seier han.

– Kven du trur vil vinne serien i år då?

– Sidan eg er litt svart og kvit inn i hjartet mitt, så må eg tru og håpe at Rosenborg klarer det. Men eg har sett nokre treningskampar med dei også og det er ingenting som gjer at eg satsar hus og heim på at dei vinn eliteserien.