– Skuffa og forbanna over arrogansen i Arbeidarpartiet

ÅRDAL (NRK): Fagforeininga i Årdal fryktar at Ap sitt ja til å Acer vil koste den norske industrien arbeidsplassar.

Andreas Bakken

FORBANNA: Andreas Bakken er nestleiar i Årdal Kjemiske Fagforening. Han er forbanna er Ap-ja til Acer.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK

– Vi har nett fått beskjeden. Vi er skuffa over vedtaket og er redde for den prisoppgangen som er spådd, seier Andreas Bakken, som er nestleiar i Årdal Kjemiske Fagforening.

Tidlegare i dag vedtok landsstyret i Arbeidarpartiet å gå inn for norsk tilslutning til EUs energibyrå Acer.Sogn og Fjordane Ap sitt fylkesårsmøte i helga lova nestleiar Hadia Tajik å lytte til deira vedtak om å seie nei til Acer. Likevel sa landsstyret ja med 31 mot 16 stemmer.

Fryktar for arbeidsplassar

Om stortingsgruppa i Ap stemmer for Acer vil det sikre regjeringa fleirtal i saka om at Norge skal bli ein del av det europeiske energibyrået. Årdal Kjemiske Fagforening og deira medlemmar har vore tydeleg – Ap burde stemt nei.

– Vi er redde for at vi skal bli påverka av prisoppgangen som er spådd. Det vert sagt at det er snakk om nokre få øre for vanlege forbrukarar, men det vil bety mykje for industrien. To øre oppgang betyr 4–500 millionar for industrien og vi fryktar det vil gå utover arbeidsplassane våre, seier Bakken.

Han seier at saka har blitt ein snakkis blant medlemmane deira.

– Vi er skuffa over den arrogansen som kjem frå det partiet vi har støtta opp om som frontar seg som eit industriparti. Det er ikkje slik vi opplever det no. Medlemmane er skuffa og forbanna overfor den arrogansen som vert vist, seier Bakken.

– Kven sin arroganse?

– Den sentrale leiinga i Arbeidarpartiet.

Demonstrasjon i Mo i Rana

STERK MOTSTAND: Fleire stadar i landet har det vore demonstrasjonar mot regjeringa sitt ønske om å gå inn i Acer. Den største frykta er at Acer skal få for stor makt over den norske energimarknaden og at bygging av straumkablar til utlandet vil auka prisen.

Foto: ANDREAS TRYGSTAD / NRK

Misfornøgde ordførarar

Som ein del av landsstyre vedtaket om å gå inn i Acer vert det stilt fleire krav. Blant anna at det skal vera norsk kontroll over vasskraftressursane.

  • Nasjonal og samfunnsmessig kontroll over vasskraftressursane
  • Minst to tredjedelar av vasskrafta skal vere offentleg eigd
  • Norsk fornybar kraft skal bidra til verdiskaping og sysselsetting i Norge
  • Norske myndigheiter skal ha kontroll over forsyningssikkerheita i Norge
  • Norske myndigheiter skal bestemma om det skal byggast fleire utanlandskablar.

– Eg er optimistisk med tanke på å få innfridd desse krava, på grunnlag av dei forhandlingane som går føre seg i Stortinget, sa partileiar Jonas Gahr Støre på ein pressekonferanse, tidlegare i dag.

På fylkesårsmøtet til Ap i Sogn og Fjordane i helga sa fylkesleiar Hilmar Høl at å seie nei til å bli med i Acer var den største saka på agendaen. I dag sat han i landsstyret der fleirtalet gjekk inn for at Norge skal bli medlem i det europeiske energibyrået.

– Eg står midt i spagaten no, seier Høl, etter at vedtaket vart gjort.

Vidar Grønnevik, som er fylkesleiar i Sogn og Fjordane Høgre, håpar eit samarbeid vil føre til meir miljøvenleg energi.

– Erfaring gjort så langt viser at produksjonskostnaden av fornybar energi går ned og vi får rimelegare straum i framtida, seier han.