Hopp til innhold

Ap-nestleiar lovar å lytte til kraftfylke om Acer

FØRDE (NRK): Hadia Tajik seier råd frå kraftfylka vil vege tungt for Arbeidarpartiet om framtidas kraftpolitikk. Svaret frå grasrota er eit rungande nei til Acer.

Hadia Tajik på talarstol

VIL LYTTE TIL RÅD: Nestleiar Hadia Tajik i Ap lovar å lytte til kraftfylke før Ap bestemmer seg for kva dei meiner om Acer.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Acer er den største saka på dette fylkesårsmøtet!

Det sa fylkesleiar Hilmar Høl under opningstalen til dei kring 150 frammøtte på fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Ap.

Ei rekkje lokallag hadde sendt inn forslag om at Norge må seie nei til å gå inn i EUs energibyrå Acer.

Trass i at kraftindustrien insisterer på at Acer verken trugar norske industriarbeidsplassar eller sjølvråderett, kjempar kraftsosialistar mot.

Med Ap-nestleiar Hadia Tajik som hovudgjest på første rad, tora fylkesleiar Høl på talarstolen:

Hilmar Høl

SPRENGSTOFF: Fylkesleiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Ap seier det er sprengkraft i Acer-saka.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er politisk sprengstoff i denne saka! Eg er forundra over at Stortinget ikkje greier ut konsekvensane i ei slik sak. Kva betyr det for industrien vår? Kva betyr det for råderetten? Kva betyr det for forbrukarane? Hadia, du er hermed utfordra!

Tajik tok utfordringa og melde følgjande frå talarstolen:

– Acer er berre aktuelt på nokre vilkår: At eigarskapen til krafta er vår. At det er vi som bestemmer om det blir utanlandskablar. Og at det er Statnett som skal bygge dei eventuelle kablane.

Til NRK utdjupar ho:

– For Ap vil det alltid vere heilt avgjerande at norsk kraft er på norske hender. Det vil vere heilt uaktuelt å gje mynde til nokon utanfor Norge til å bestemme kva vi skal gjere med krafta vår.

– Men mange fryktar det er nettopp det som vil skje med Acer?

– Eg forstår uroa deira. Vi har ikkje trekt ein endeleg konklusjon. Det gjer vi i neste veke. Då vil det ha veldig mykje å seie kva råd eit industrifylke som Sogn og Fjordane gjev til oss.

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane Ap

ENGASJEMENT: Ei rekkje lokallag i Sogn og Fjordane Arbeidarparti vil seie nei til Acer.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Samtidig skriv Dagens Næringsliv at Arbeidarpartiet er i ferd med å bli samde med regjeringspartia om Acer.

– Det Espen Barth Eide seier i dag, handlar om at det har blitt stilt krav frå Ap til Høgre. Så langt har Høgre sagt at dei aksepterer det, seier Tajik.

Kraftordførar: – De må seie nei!

Blant delegatane var også ordførar Petter Sortland i kraftkommunen Høyanger.

– Det klare rådet vårt er å seie nei. Det er altfor stor risiko for å gje frå seg norsk suverenitet for vasskrafta vår til ikkje-folkevalde organ i EU.

Petter Sortland

NEI: Høyanger-ordførar Petter Sortland vil at Ap skal seie blankt nei til Acer.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Om vi går inn i Acer vil det føre til endå tøffare arbeidsvilkår for oss i distrikta. I så fall vil ikkje Ap vere på linje med oss. Det er frustrerande å oppleve i sak etter sak at Raudt, SV og Senterpartiet er betre på distriktspolitikk. Då blir Ap berre nest best på distriktspolitikk og nest best på bypolitikk. Det er ingen som vinn på å vere nest best i politikken.