Hopp til innhold

– Politiet inviterer til tjuvjakt

Fylkesleiar i Norges Jeger- og fiskeforeining, Øyvind Hopland, seier at det er svært uheldig dersom Askvoll kommune i stor grad vert utan jaktoppsyn.

Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa ved Gaular lensmannskontor.

Arkivfoto: Politibetjent Jan Bjarte Skrøppa.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Utspelet kjem etter at Anders Lien i Kultur- og næringsutvalet i Askvoll kommune sa at å betale for at politiet skal drive jaktoppsyn ikkje er ei kommunal oppgåve.

LES: Vil ikkje betale for jaktoppsyn

Det er Øyvind Hopland samd i.

– Politiet si oppgåve er å drive med jaktoppsyn slik som regelverket seier dei skal gjere det. Det er ikkje noko kommunen skal blande seg borti, seier han.

– Inviterer til tjuvjakt

Politiet meiner at utan ekstra pengar frå kommunane, vil det bli lite jaktoppsyn etter normal arbeidstid.

– Vi vil kunne ta nokre kontrollar etter normal arbeidstid når vi er på vakt, men då har vi mange andre oppgåver, seier politibetjent Jan Bjarte Skrøppa, som er koordinator for miljøsaker i Region Indre Sunnfjord.

Hopland fryktar konsekvensane av dette utspelet.

– Når politiet har sagt at dei ikkje vil drive med jaktoppsyn, er det ein invitasjon til at dei som vil kan drive ulovleg jakt, meiner han.

Lite kommunen kan gjere

Men ifølgje Bjørn Tønnesen hos Fylkesmannen er det lite Askvoll kommune kan gjere om politiet seier dei ikkje kan drive oppsyn utover normal arbeidstid utan meir pengar.

– Det er vel fordi politiet meiner dei ikkje har ressursar og ikkje kan prioritere oppgåva. Då er det lite kommunen kan gjere anna enn å oppmode politiet til å ta saka alvorleg, seier Tønnesen.