Hopp til innhold

– På grensa til at det er fare for liv og helse

Vogntogsjåfør i nordfjordbedrifta Ortra, Jan-Ole Haus, meiner vedlikehaldet av riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen er så dårleg at det er farleg.

Jan-Ole Haus - Sogndalsdalen

FOR DÅRLEG: Det meiner vogntogsjåfør Jan-Ole Haus om standarden på riksveg 5 gjennom Sogndalsdalen. Vogntoget på biletet er teke tidlegare denne veka då ein annan sjåfør stod fast.

Foto: Arve Uglum/privat / NRK

Sidan søndag i førre veke har svært mange vogntog blitt ståande fast i Sogndalsdalen. Torsdag kveld var det Jan-Ole Haus sin tur. Då han kom forbi Selseng og opp i siste bakken før Frudalstunnelen nådde han att eit vogntog som stod fast. Då mista han fart og vart sjølv ståande.

Vogntogsjåføren som køyrer denne strekka 2–3 gonger i veka meiner det er manglande strøing som er årsaka.

– Det burde definitivt ha vore strøydd der mykje tidlegare. Han som hadde ansvaret kom medan vi stod fast. Då skulle han hente bil for å strø med. Det er lovleg seint, seier Haus.

Krev betre beredskap

Dei to vogntoga som stod fast torsdag kveld hadde begge norske sjåførar og gode dekk, ifølgje Ortra-sjåføren. Han vil ikkje ta frå sjåførane alt ansvar, men meiner at det i dette tilfellet hadde ingenting med dei å gjere.

– Eg vart stoppa av Biltilsynet på Skei måndag kveld der ein av kontrollørane meinte vogntoget var eksemplarisk skodd, så det er ikkje problemet her.

Vogntogtrøbbel i Sogndalsdalen

MYKJE TRØBBEL: Den siste veka har mange fått problem på glatt vinterføre gjennom Sogndalsdalen.

Foto: Eva Westvik / NRK

Torsdag kveld var det god veg og minusgrader fram til Selseng, ifølgje Haus, men då slo det plutseleg om til plussgrader og vegen var så glatt at vogntoget hans sklei litt når det mest stod i ro.

– Det er ganske stor tungbiltrafikk på denne vegen. Statens vegvesen må sørge for at slike belasta strekker har ein beredskap som gjer at det ikkje skal vere fare for liv og helse, for det er det nesten slik som det er no.

– Har skjerpa oppfølginga

Hos Statens vegvesen vedgår seksjonssjef Eivind Yttri at det har kome inn fleire meldingar på glatte vegar, og at dette og dei mange problema på vegen har gjeve dei grunn til å skjerpe oppfølginga.

– Er det grunn til å tru at det har vore for dårleg vedlikehald?

Eivind Yttri

SER PÅ SAKA: Seksjonssjef i Statens vegvesen for region Sogn, Eivind Yttri.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Per no sit ikkje vi inne med opplysningar som direkte seier at det ikkje var godt nok. Vi er i dialog med entreprenøren og har samstundes eigne folk som registrerer tilstanden på vegen, men det er for tidleg i prosessen til å konkludere den eine eller andre vegen.

Dei vurderer også tilstanden på vogntoga, men Yttri seier dei ikkje skal avskrive dei mange hendingane med ei slik forklaring. Vegvesenet har også vurdert skilting for å informere om ei lang strekning med mykje stigning, og be vogntogsjåførar om å ta på kjettingar, men dette er førebels lagt på is.

– Skal du be sjåførar ta på kjettingar må ein ha plass som er tilrådeleg å gjere det på, og per no har vi ikkje noko slikt å tilby. Det blir ei vurdering på lang sikt om vi må få dette på plass, seier Yttri.