Hopp til innhold

– Livet vårt er før og etter 22. juli

STRYN (NRK): Heile juli månad ventar Eva og Kolbein Fridtun på at datoen dei mista dottera si skal vere forbi.

Hanne Kristine Fridtun mista livet på Utøya.

– TUNGE DAGAR: Kolbein og Eva Fridtun tykkjer dagane før 22. juli er tunge. – Det har gått fem år. Bygda vår og landet har gått vidare. Dei har ikkje den same opplevinga som oss, seier Eva.

– Det er vanskeleg å sjå at venene hennar er blitt vaksne. I dag jobbar dei med det dei studerte til. Det skulle Hanne òg ha gjort, seier Eva Fridtun.

Ho sit att med mannen, Kolbein, ute på terrassen i Flobygda i Stryn. Det er blå himmel og sol. Eva håpar vêret vil halde seg slik dei neste dagane. Ho vil at 22. juli skal likne minst mogeleg på den same datoen for fem år sidan.

Fekk aldri svar

Hanne Kristin

HANNE KRISTINE: Ho var 19 år gamal då ho mista livet på AUF sin sommarleir på Utøya. I august skulle ho blitt 25 år.

Foto: Privat

– Vi går berre og ventar på den dagen. Sommarmånadane er ikkje slik dei skal vere lenger. Det har gått fem år. Men det kunne like gjerne vore i går det skjedde, seier Eva.

Ho var på veg til jobb i Stryn, og hadde akkurat parkert bilen då ho fekk ei tekstmelding frå dottera Hanne Kristine.

Ho bad mor si om å ikkje ringe. Ho gøymde seg for ein mann med gevær på Utøya.

Eva ringde ikkje dottera, sjølv om det var vanskeleg å la vere.

Nokre timar seinare den fredagen blei Anders Behring Breivik arrestert og frakta vekk frå Utøya. Han hadde teke livet av 69 ungdomar. Ved 18-tida den kvelden sat 40 politifolk og vakta kroppane til dei som hadde mista livet.

Heile den kvelden kunne politiet sjå lysande telefonar att med livlause kroppar. Ein av dei var Hanne Kristine sin.

– Eg veit ikkje kor mange gonger eg ringde. Men eg fekk aldri svar.

Gleda seg til Utøya

Hanne Kristine hadde nettopp blitt fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF, og 19-åringen hadde gleda seg til sommarleiren på Utøya i mange månader. Aller mest gleda ho seg til å møte Gro Harlem Brundtland.

– Det fekk ho. Eg har snakka med Gro i ettertid, fortel Eva.

Dagane etter 22. juli er nær uuthaldelege for Eva og Kolbein. Det er unntakstilstand, og identifisering av alle dei døydde tek tid.

Det går seks lange dagar før Kolbein får den endelege beskjeden på rikshospitalet i Oslo. Hanne Kristine er ei av dei 69. Ho var blant dei siste drepne på Utøya.

Reisa heim til Stryn var lang. Oppkøyrselen til huset var pynta med lys og blomar. Plena var nyslått.

– Støtta den første tida var enorm. Vi takka ja til det meste, fortel Kolbein.

Etter kvart som tida har gått, er det ikkje like mange som tek kontakt. Men saknet etter dottera er like sterkt i dag som for fem år sidan. Minna dukkar opp over alt, i alle slags situasjonar.

Skulle blitt 25

– Det kan vere ein song eg veit ho likte som kjem på radioen. Då kjem tårene. På butikken kan eg sjå ei jente som liknar på Hanne. Det kjem stadig minner. Gode minner. Vi har berre gode minner, seier Eva.

I Førde studerte Hanne Kristine for å bli sjukepleiar. På fritida var det politikken som gjaldt. Ho drog ungdomar saman og starta fleire lokallag. Ho var ein ekte humørspreiar, fortel Kolbein.

I år skulle ho blitt 25 år.

Kome seg vidare

Minnesmerke

MINNESMERKE: Terrorsminnesmerke i Stryn sentrum er ein av plassane Eva og Kolbein Fridtun går for å minnast dottera.

Foto: Oddmund Haugen

Sjølv om dagane er litt enklare no, er det tungt å sjå at andre har gått vidare. For dei er sorga like tung, og saknet like stort.

– Det har gått fem år. Bygda vår og landet har gått vidare. Dei har ikkje den same opplevinga som oss. Men vi har mista jenta vår på den mest grufulle måten ein kan miste nokon på. For oss er det ikkje enkelt, seier Eva.

Kolbein trur sorga og saknet vil vere der resten av livet.

– Eg trur ikkje vi blir kvitt dette. Vi tenkjer på ho kvar einaste dag. Det er mange som er ferdig med 22. juli, men det er ikkje vi.

Tilbake til Utøya

I år skal dei to tilbringe 22. juli på Utøya. Det blir både godt og vondt, trur Kolbein.

– Det å vere samen med andre som har mista nokon, eller fått nokon igjen, er godt. Vi pratar ein del om det som skjedde, men det kan vere nok og berre vere saman.

Han er uroa for at folk skal gløyme kva som skjedde for fem år sidan.

– Men vi kan ikkje gløyme. Det var eit åtak på demokratiet vårt.

– Det vil alltid vere eit sår. Livet vårt er før og etter 22 juli. Vi manglar noko vi aldri fått igjen, seier Eva.