Hopp til innhold

– Laurdagen ser best ut

Helga blir både fuktig og kald, men allereie på måndag er det lyspunkt i sikte for dei som vil ha sol.

Kalvåg

VÅR: Ute ved kysten, som her ved Kalvåg, får dei merke mykje av nedbøren denne helga, men over i neste veke blir det meir sol.

Foto: SOLVEIG SVARSTAD / NRK

– Laurdagen ser best ut denne helga, seier meteorolog Martin Granerød.

Regnbyer, sluddbyer, haglebyer og snøbyer. Det var meteorologen si korte oppsummering for inngangen til helga.

Med skiftande skydekke gjennom laurdagen kan det vere du får sett meir til sola.

– Det er håp om at vi kan få sol gjennom byene. Byene blir ikkje like intensive, men det blir sludd og snø. På kysten blir det regn eller hagl. Det er gjerne ytre strok og kysten som er mest utsett for desse byene, seier han.

Kle deg likevel godt. Temperaturen er ikkje av den tropiske sorten.

– Vi går inn i ei helg som ber preg av nordavind. I fjellet blir det godt med minusgrader. Temperaturen held seg på mellom null og fem grader på dagtid.

Laster Twitter-innhold

Nyt laurdagen, for på sundag kjem det fleire byer.

– Det vert byer på sundag med regn heilt yst på kysten. Nokre perioder med sol, men ikkje like mykje som på laurdag, seier Granerød.

På vêrvarslinga på Vestlandet kan dei melde om at vêret lettar, og vert betre i neste veke.

Når vi først kjem oss over den fuktige og kalde helga, så får vi både sol og høgare temperaturar.