NRK Meny
Normal

– Kreften er ein god læremeister

Å vere psykolog hjelp ikkje i møtet med døden, fortel Einar Lunga som er døyande med prostatakreft.

Einar Lunga og Herdis Seim

STØTTESPELAR: Vener og familie er viktigare enn medisin, seier Einar Lunga. Her med sambuaren Herdis Seim.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Mange gonger om nettene, når eg ligg og gret og kjenner meg totalt hjelpelaus, kjem pasientane tilbake. «Det var jo dei tinga eg prøvde å fortelje deg om, når du ikkje høyrde etter.» Psykologkunnskap er heilt ubrukeleg i ein slik situasjon, det er inga hjelp. Du må starte på nytt, heilt på nytt. Men kreften er ein god læremeister.

Eg trur eg hadde vore død no hadde eg ikkje hatt all den gåinga.

Einar Lunga, psykolog og kreftsjuk

Einar Lunga lener seg tilbake i stolen i stova i Florø her han no bur saman med Herdis Seim som han vart i lag med for tre år sidan. Sommaren han gledde seg slik er på hell. Det er også helsa.

I åtte år har Lunga levd med kreftsjukdommen. Han er ein av 5000 nordmenn som får prostatakreft kvart år. 1000 av desse får den ulækjelege varianten. No håpar han å verte ferdig med hagen, ein av hans store lidenskapar, før han vert for sjuk.

Einar Lunga i hagen

HAGEENTUSIAST: Einar Lunga er lidenskapeleg oppteken av hage, og har gjort mykje i hagen til Herdis i Florø.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

«Einars forsvinningsnummer»

Tysdag viser filmfestivalen i Haugesund dokumentaren «Einars forsvinningsnummer», regissert av Elsa Kvamme.

Sjølv om han har gått med på å vere med i ein dokumentarfilm, etter litt overtaling, seier han at det har vore vanskeleg å eksponere seg sjølv i ein så sårbar situasjon.

– Det har vore ein følsam sak heile vegen. Hadde det ikkje vore for at ho hadde halde meg att så hadde heile prosjektet gått i vasken. Eg kjende meg så eksponert. Ein vert jo veldig fornedra når ein er kreftsjuk. Eg kjenner meg veldig redusert som person.

Einar Lunga

VANDRING SOM TERAPI: Eg hadde vore død no, hadde det ikkje vore for gåinga, seier Einar Lunga.

Foto: Sjur Aarthun / Alert film

Han seier at om han skal peike på ein svakheit ved filmen er det at den ikkje viser til fulle kor ille det er, kvardagen som kreftsjuk.

Men uansett kor ille det blir gir han ikkje slipp på livslysten

– Eg trur det er det Elsa har funne ut då ho laga filmen. Dette med kjærleiken til livet. Sjølv om tinga rasar rundt deg, og du nesten ikkje har noko att av det som var ditt gamle liv, så har du, i alle fall eg, ein enorm livslyst.

Kreftpilegrim

Filmen tek utgangspunkt i pilegrimsturane Lunga tok fatt på då han fekk diagnosen i 2007.

– Eg trur eg hadde vore død no hadde eg ikkje hatt all den gåinga. Det ligg ein slik terapi i det å gå lenge. Du kjem bort frå alt og du får vere åleine med tankane dine.

Men no er det slutt på pilegrimsvandringa. Sidan den siste cellegiftkuren i vinter har han vore for sjuk til å kunne gå. På fire månader har han og sambuaren vore innom fire sjukehus. Han har vore gjennom det meste av behandling og er no på siste medisinen. Om den ikkje verkar dør han innan jul. Og sjølv om det nærmar seg har han ikkje forsona seg med tanken på å døy.

Einar Lunga

MOTGANG: Dei siste turane var tunge. Lunga prøvde å gå etter ein cellegiftkur i vinter, men måtte gi opp.

Foto: Sjur Aarthun / Alert film

– Nei. Det er ei stor sorg. Eg hadde ein dag i førre veke då eg gråt heile dagen. Det er ei sorg ein må tore å ta innover seg. Det har eg vore open på, eg skal sørge, og eg er ikkje forsona med det, nei. Men eg veit jo at det ikkje er eg som vinn. Så det handlar ikkje om å forsone seg, men å godta at du taper.

Dei viktige støttespelarane

Det som held han oppe er familie og vener. Han fortel att han har fått ei a-ha-oppleving når det gjeld viktigheita av søsken, og seier at han trur søskena i Harstad og Oslo lir meir enn han sjølv.

Psykologkunnskap er heilt ubrukeleg i ein slik situasjon, det er inga hjelp. Du må starte på nytt, heilt på nytt.

Einar Lunga, psykolog og kreftsjuk

– Når du er alvorleg kreftsjuk er medisinar ein ting, men psykologisk og sosial støtte er heilt avgjerande. Og vi er ikkje så flinke med det lenger. For vi er så effektive, vi trur at vi skal oppnå ting og nå mål og slikt. Eg har prøvd å ta vare på dei kjeldene eg har til psykisk støtte. Familien, Herdis og så har eg begynt i ei mannegruppe.

Dei er ein gjeng menn i alle aldrar og frå ulike yrkesgrupper som møtes ein gong i veka for å prate om det meste. Utan filter, understrekar han.

Summerer opp livet

Då han vart sjuk starta han ein blogg. Der skriv han om litteratur og filosofi, men også ei slags oppsummering av livet. Eit liv han ikkje er vidare nøgd med ifølge han sjølv.

– Det handlar om alle ting som eg gjerne vil ha retta opp att. Men det er jo eigentleg for seint. Eg har drøymt om å lage eit møte i Førde kor eg inviterer dei som har lyst til å kome, der eg går gjennom ting eg skulle gjort annleis.

Lunga meiner at han har blitt eit betre menneske etter at han fekk sjukdommen, og etter at han møtte Herdis. No er han oppteken av å ta standpunkt til ting.

Eg vil ikkje gå ut av dette livet før eg har eit klart standpunkt til nesten kva som helst.

Einar Lunga, psykolog og kreftsjuk
Bøker heime hos Einar Lunga

LES MYKJE: Lunga har alltid lese mykje, og prøvar no å sette seg inn i store spørsmål som konflikten mellom Israel og Palestina.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

– Kva meiner eg om Palestina og Israel til dømes. Eg vil ikkje gå ut av dette livet før eg har eit klart standpunkt til nesten kva som helst.

Eit standpunkt han ikkje vil endre er det han har til religion. Han er ikkje kristen, og vil ha ein humanistisk gravlegging. Likevel kallar han seg religiøs, og meiner vi alle i ein viss forstand.

– Menneske har ein ibuande religiøsitet og ein ibuande moralsk trong. Eg set veldig pris på den støtta ein finn i religion. Både pilgrimar og munkar har vore til stor inspirasjon, seier Lunga.

Håpar Herdis vil gå

Ein av biverknadane av sjukdommen er det han omtaler som tapet av manndomen.

– Når du har prostatakreft så vert du kastrert. Det snakkar ingen om. Det står at du får «hormonbehandling», men det handlar eigentleg om å lage eit nytt kjønn. Du får bryst og ... no ser ein det ikkje så godt på meg sidan eg har blitt så tynn, men då eg var rundare kunne ein sjå det tydeleg, seier Lunga, som fortel at han har gått ned 25 kilo på kort tid.

Han fortel at den endra kjønnsidentiteten har gitt han ny og spennande innsikt når det gjeld forholdet mellom mann og kvinne. Han og Herdis omtaler forholdet dei imellom som meir enn eit vanleg mann/kvinne-forhold, eit forhold «menneske til menneske».

Dei vedgår at sjukdommen til Einar har vore tøff for dei begge. Han tenker at den er ei minst like stor påkjenning for ho, spesielt no når det nærmar seg slutten. Han håpar også ho vil finne terapi i vandringa når han ikkje er her meir.

– Eg har så lyst at ho skal gå saman med sonen min, dei to kjem så godt overeins. Eg har så lyst at dei skal gå fleire veker i lag, for eg veit at det ville ha reparert det meste av sorga.

Einar Lunga og Herdis Seim

UROA FOR HERDIS: Eg håpar ho vil gå når eg ikkje er her meir, seier Lunga.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast