På denne vegen manglar det skikkeleg lys og ventilasjon i nokre av tunnelane. Brannsjefen meiner dei er så farlege at han køyrer ein omveg når han har med seg småbarn i bilen.
– Då køyrer eg om Hemsedal. Dersom det blir brann, og røyken går der folk sit, og brannvesenet ikkje kjem inn, vil det bli fatalt.
Det er sett av 2,5 milliardar kroner til tunnelsikring av riksvegar i 2017. Men det er mange tunnelar rundt om i landet som manglar både ventilasjon, naudnett, DAB-dekning og skikkeleg lys.
Vegen mellom Aurland og Hol er fylkesveg og må difor få pengar til rassikring frå ein annan pott, og det er fylkeskommunane som avgjer korleis dei pengane skal brukast. Men for trafikantane er det eitt feitt om det er riksveg eller fylkesveg, meiner brannsjefen.
– Det er ikkje noko heldig når tunnelane ikkje er sikre. Eg gruar meg til den dagen det blir ein storbrann der, seier Sørensen.
Mellom Aurland og Hol er Geiteryggtunnelen på Buskerud-sida eit unnatak. Denne vart opna att sist haust etter omfattande oppgradering med naudnett, DAB-dekning, ventilasjon, naudlys og kamera.
Skal oppgraderast
Søndag kveld tok det fyr i ein feiebil i Fjærlandstunnelen i Sogn og Fjordane. I tjukk røyk og med mykje stress og dramatikk kom 13 personar seg ut. Den tunnelen har ikkje naudnett. Tunnelen skal etter planen oppgraderast i 2020/2021, mellom anna med naudnett og DAB-dekning.
– Har satsa veldig på tunnelsikring
Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) fortel at det er sett av 2,5 milliardar kroner til tunnelsikring i årets statsbudsjett. Han sa dette om den dramatiske brannen i Fjærlandstunnelen.
– Det er ei påminning om kor sårbare vi er når det oppstår brann i tunnel. Eg forstår kor redde folk kan bli når uhellet er ute. Difor har vår regjering satsa veldig på tunnelsikring. Vi skal bruke 2,5 milliardar berre i 2017.
– Er ingenting
Ifølgje ein rapport frå Riksrevisjonen frå september i fjor må 475 tunnelar utbetrast dei nærmaste åra til ein samla prislapp på 30 milliardar kroner. Sørensen meiner 2,5 milliardar kroner per år til riksvegane er altfor lite dersom ein ønskjer rask sikring og utbetring av alle tunnelane i Norge.
– Strekninga mellom Aurland og Hol er ein fylkeskommunal veg, men problemet er at fylkeskommunane ikkje har økonomi til å sikre alle tunnelane. Staten bør gå inn med øyremerka midlar til utbetring av dei fylkeskommunane tunnelane. Slik sett er 2,5 milliardar frå staten altfor lite, seier Reinhardt Sørensen.