Hopp til innhold

– Ingen fare at Halvorsen reiser

NRK sin Sogndal-ekspert, Jon Navarsete, meiner eliteserieklubben allereie har Ole Jørgen Halvorsen sin erstattar.

Ole Jørgen Halvorsen og Umaru Bangura

REISER: Ole Jørgen Halvorsen set punktum for si sogndalkarriere etter 75 serie- og cupkampar sidan midtveges i 2009-sesongen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Onsdag vart det klart at Ole Jørgen Halvorsen vender heim til Østfold for å spele eliteseriefotball med Fredrikstad.

– All historie tilseier at det ikkje er noko fare. Når nokon reiser frå Sogndal, så står det alltid klar ein annan for å steppe inn, meiner Navarsete og nemner både Tonny Brockmann Christensen, Taijo Teniste, Henrik Furebotn og Ruben Holsæter som aktuelle kandidatar.

– Greitt at han reiser

Frå si rolle på høgre midtbane har Halvorsen notert seg for 21 mål på 75 obligatoriske kampar sidan han kom til Sogndal frå Sarpsborg 08 i 2009.

Jon Navarsete

GREITT: Jon Navarsete.

Foto: Arve Uglum / NRK

Overgangssummen er ukjend, men alt tyder på at Sogndal får mindre enn dei 800 000 kronene dei gav for 24-åringen.

Det vart tidleg i år klart at Halvorsen ikkje ynskte å forlengje kontrakten som går ut etter årets sesong.

– Han har signalisert at Sogndal er passé, så då er det greitt at han reiser heim, meiner Navarsete og ikkje vil kritisere Halvorsen for at han reiser.

– Skugge av seg sjølv

Halvorsen stod i fjor vår fram som Sogndal si kanskje viktigaste angrepsbrikke, men presterte variabelt utover hausten.

Navarsete meiner 24-åringen har vore ein skugge av seg sjølv i vinter.

– I vinter har han ikkje prestert noko som tilseier at han ville vere førsteval på eit Sogndal-lag i år. Han er ein skugge av seg sjølv, då er det ofte andre prosessar som går føre seg, seier han.

Forsvaret uroar

Sogndal startar serien borte mot Odd Grenland 23. mars. 1. april vender Vegar Gjermunstad og Rune Bolseth «heim» når Hønefoss gjestar Fosshaugane til årets første eliteseriekamp i Sogndal.

Førstkommande laurdag er det duka for generalprøve mot Strømsgodset på Marienlyst i Drammen.

– Det som er urovekkjande no er at trenaren ikkje har fått sett laget. Det Sogndal er på jakt etter er ein ekstra midtstoppar. For der er situasjonen prekær med skade. Så spørst det om ein skal satse på å la Gustav Valsvik starte karrieren si, eller om ein får ein ny midtstoppar på plass, undrar Navarsete.