Hopp til innhold

Gjer nye vurderingar av ambulansetilbodet

Helse Førde kan bu seg på meir bråk når dei legg heile ambulansetenesta under lupa.

Ambulanse

VURDERING: Helse Førde vil vurdere korleis ambulansetenesta i fylket skal organiserast for framtida.

Foto: NRK

Det meiner Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) og kollega Petter Sortland (Ap) i Høyanger.

– Eg fryktar at det kan bli kamp. For oss er det eit absolutt krav at ambulansen blir i Selje. Dersom det er eit alternativ, så vil vi sjå på organiseringa, seier Osdal.

Manglar 30 millionar

Stein Robert Osdal

KRAV: Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) meiner det er viktig at Helse Førde har respekt for kommunane og lyttar til behova til innbyggjarane. – Ei svekking av ambulansetenesta i Selje går vi ikkje med på, seier ordførar Stein Robert Osdal (KrF).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Helse Førde går grundig til verks når dei vurderer framtidig organisering av ambulansetenesta. Skal den halde fram som i dag, kostar det 168 millionar kroner. Det er 30 millionar kroner meir enn føretaket får frå Helse Vest til tenesta.

Fagmiljø og representantar for både kommunar og brukarar skal inn i prosessen.

– Det er gledeleg at dei tek kommunane med på råd, for det var grunnen til at det vart ramaskrik då Helse Førde sist såg på ambulansetenesta, seier Osdal.

Tryggleik er viktigast

Seinast i fjor skapte det bråk då Helse Førde vedtok å legge om båt-ambulansetenesta, og samtidig slo saman bilambulansetenesta i Askvoll og Fjaler . Høyanger-ordførar Sortland trur helseføretaket kan bu seg på rabalder.

Han meiner det viktigaste for innbyggjarane er å kjenne tryggleik og kvalitet.

Petter Sortland

TRYGGLEIK: – Lengda på den fysiske utrykkinga til ambulansen må ikkje vere for lang. Vi har hatt hendingar i nabokommune der lang utrykking fekk fatale følgjer, seier Ap-ordførar Petter Sortland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det skal ikkje sentraliserast veldig mykje før folk opplever at det tek lang tid før ein får hjelp. Ein kan diskutere helikopter og anna, men på Vestlandet kan både vêr og føre gjere at ambulansen brukar lengre tid. Det må ikkje bli slik at det er A og B-kommunar. Då er ein på feil veg, seier han.

Budd på engasjement

Børge Tvedt, viseadministrerande direktør Helse Førde

YNSKJER DIALOG: – Ambulansetenesta røyver ved både innbyggarar og kommunepolitikarar, og ynskjer å vere i dialog. Det krev mykje involvering for å få gode prosessar, seier Børge Tvedt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Helseføretaket har fått kritikk for å ikkje inkludere kommunane i vurderingane. Konstituert administrerande direktør i Helse Førde, Børge Tvedt, ser ikkje vekk frå at det kan bli turbulens som i Askvoll.

Han seier dei tek med seg desse erfaringane.

– Går vi vidare med ei slik sak, så reknar vi med at det blir engasjement og aktivitet, seier han og legg til at føretaket ynskjer gode prosessar og brei involvering.

Åtte millionar i overforbruk

Tvedt er klar på at det ikkje er utan grunn ein ser på ressursbruken. Siste åra har spesielt bilambulansetenesta hatt ein langt sterkare vekst enn resten av føretaket.

Berre i år åtte millionar kroner meir enn budsjettert.

– Det er ikkje nødvendigvis lagt opp til sparing. Det må styret ta stilling til. Dette er svært viktige tenester for innbyggjarane og det er sett store krav til dei. Samstundes er det vår plikt å vurdere økonomien opp mot andre tenester, seier Tvedt.

– Må ha meir pengar

Sortland er usikker på kor mykje sentralisering som bør til.

– Her må politikarane spele på lag med Helse Førde slik at dei får meir pengar til prehospital teneste. Ein må innrette seg etter geografien ein har, og bruke pengane deretter, avsluttar Sortland.

Styret i Helse Førde skal neste veke avklare detaljane kring arbeidet.