Hopp til innhold

– Held dei fram med ikkje å møte, blir dei henta i Romania

Dersom det norskrumenske ekteparet ikkje møter til neste rettssak, kan Norge be Romania utlevere dei. Paret kan då bli varetektsfengsla mens dei ventar på at saka kjem opp.

Sissel Kleiven, Ingrid Breistein, Ragnhild Torgersen

SLEPP IKKJE UNNA: Aktor Sissel Kleiven og forsvararane Ingrid Breistein og Ragnhild Torgersen vart sitjande mellom tomme stolar då rettssaka mot det norskrumenske paret starta i dag. Det kjem ikkje til å skje mange gonger, ifølge professor.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Jusprofessor Ørnulf Øyen ved Universitetet i Bergen fortel til NRK at om det tiltalte ekteparet som er sikta for vald mot borna sine ikkje møter i retten neste gong, kan det ende med at Norge ber Romania om å utlevere dei.

Norge har utleveringsavtalar med Romania, som både er EU-medlem og på full fart inn i Schengen-samarbeidet.

– Ein slik utleveringsprosess kan ta ein del månadar. Men Norge har utleveringsavtale med veldig mange land, så til sjuande og sist vil ein bli tvungen til å møte, seier professoren ved juridisk fakultet.

DEt norsk-rumenske foreldreparet som skulle møte i retten etter mistanke om oppdragarvald møtte ikkje opp.

Flytta

Dei tiltalte norskrumenske foreldreparet frå Naustdal flytta til Romania i sommar etter å ha fått tilbake alle ungane sine frå barnevernet i Naustdal. Etter det har dei ifølge aktor Sissel Kleiven ikkje svart på stemninga frå retten i brevs form, eller svart på telefonen.

Dette til trass for at forsvarar Ragnhild Torgersen i fjor haust forsikra at dei ville møte.

Ragnhild Torgersen

ADVOKAT: Dei tiltalte møtte ikkje, slik advokat Ragnhild Torgersen, faren sin forsvarar, i haust sa dei ville gjere.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Difor var ikkje aktor Sissel Kleiven overraska over at foreldreparet ikkje møtte i retten klokka 09.00 tysdag.

– Er det grunn til å tru at dei prøver å unngå straffeansvar?

– No skal eg vere litt forsiktig med å påstå det. Eg berre konstaterer at dei ikkje møter til hovudforhandlinga, seier Kleiven.

Varetektsfengsla

Det er ikkje straffbart for tiltalte å la vere å møte til rettssak, fortel jusprofessor Øyen.

– Men politiet blir nøydd til å nytte maktmiddel får å få dei til å møte. Innanfor Norge vil tiltalte bli pågripen og stilt for retten. Er tiltalte i utlandet og det er vanskeleg å få saka forkynt eller det er risiko for at tiltalte ikkje møter, må dei utleverast. Dei kan då bli varetektsfengsla når dei kjem til Norge, seier Øyen.

Aktor Kleiven trur dei tiltalte til slutt vil møte og at det vil bli ein rettssak.

I mellomtida vil retten halde fram forsøka med å få tak i dei tiltalte.

– Foreløpig har vi bestemt oss for ikkje å fastsetje ny rettssak. Vi skal prøve å få kontakt med dei tiltalte og få brakt på det reine kva som er årsaka til at dei ikkje møtte. Og så vil vi fastsetje nytt tidspunkt seinare, seier Kleiven.

Ikkje svekka

Ørnulf Øyen

PROFESSOR: Ørnulf Øyen, juridisk fakultet, Universitetet i Bergen.

Foto: UIB

Professor Ørnulf Øyen seier saka ikkje er svekka for dei tiltalte sin del, sjølv om dei ikkje møtte i retten.

– Ei sak skal dømmast etter bevisa som ligg føre, uavhengig av om tiltalte møtte eller ikkje. Ein eventuell straff vil heller ikkje bli påverka av dette, seier Øyen.