Hopp til innhold

– Har ikkje noko i VM å gjere slik ting er no

Ein svært skuffa Anders Fannemel meiner han ikkje har noko i VM å gjere når han ikkje hoppar betre enn det han gjorde i dag.

Anders Fannemel

FEKK DET IKKJE TIL: Anders Fannemel vart nummer 48 i Bischofshofen.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Med tanke på at eg tykte hoppinga mi gjekk ganske bra, så var det kjedeleg at det gjekk så dårleg i første omgang i dag, seier Fannemel.

Honndølen fekk dårlege forhold og greidde ikkje meir enn 107 meter i første omgang i avslutningsrennet i den tysk-austerrikske hoppveka. Dermed fylgde han ikkje opp den gode hoppinga i kvalifiseringa i går, då han strekte seg til 139 meter. Fannemel vart nummer 48 av 50 hopparar og fekk ikkje hoppe andre omgang i Bischofshofen.

Historisk dårleg start

Årets hoppsesong har gått alt anna enn bra for Fannemel. Så langt i verdscupen er 12.-plassen den beste plasseringa for mannen bak verdas lengste skihopp. Honndølen som gjekk inn i sesongen med mål om å kjempe blant dei ti beste, er så langt nummer 26 i samandraget.

Fannemel sine plasseringar i hoppveka

16/17

15/16

14/15

13/14

12/13

Bischofshofen

48

18

9

7

26

Innsbruck

43

12

24

36

38

Garmisch-Partenkirchen

23

7

14

4

20

Oberstdorf

30

4

6

DNS

22

Ei plassering blant dei 20 beste så langt i år er historisk dårleg start på verdscupen for Fannemel. Både i 2012–13 og 2013–14 hadde han fem plasseringar blant dei 20 beste på dette tidspunktet. 2014–15 er den beste med 11 topp-20-plasseringar ved slutten av hoppveka.

I fjor var Fannemel meir stabil med fleire topp-10 plasseringar, også i hoppveka.

– Eg sleit litt i fjor og, men det losna sakte men sikkert. Då klarte eg å bygge på med sjølvtillit fordi eg hoppa ganske greitt heile tida, men der er eg ikkje i år, seier Fannemel.

VM i Lahti

Sjølv om det er langt fram til 23. februar og ski-VM i Lathi, har ikkje Fannemel for mange renn på seg til å finne tilbake til hoppforma også i konkurranse, og ikkje berre på trening.

– Det fungerer bra på trening, så det gjeld å finne roa i hoppinga. Gjere det litt enklare for meg sjølv i konkurransane, seier Fannemel.

– Dersom vi ser fram mot VM, trur du at du er inne på laget slik du hoppar no?

– Slik eg hoppar no har eg ingenting i eit VM å gjere. Eg vil prestere i eit VM, ikkje berre delta. Det er ikkje noko mål å berre skulle vere VM-turist. Eg vil vere med å kjempe om medaljar, og då må eg finne ut av ting, seier Fannemel.