Det seier dekan ved sjukepleiehøgskulen i Førde, Eva Marie Halvorsen. Halvorsen oppmodar media til å vise respekt når dei dekkjer Anne Slåtten-saka.
- Studentane opplever det som veldig ubehageleg, og vi har hatt gråtande studentar som nærast opplever at dei har blitt forfølgde av journalistar og fotografar, seier Halvorsen.
Fotografar klatra i ribbevegen
Tysdag var sjukepleiestudentane i Førde samla for å minnast den drepne klassevenen Anne Slåtten. Men for mange av dei sørgjande venene vart minnestunda øydelagd av påtrengjande journalistar, seier Eva Marie Halvorsen.
- Dei opplevde ei veldig knipsing med kamera, det var til og med fotografar som gjekk opp i ribbeveggen i festsalen, seier ho.
Ho ønskjer ikkje å namngi media som dei innpåslitne journalistane og fotografane arbeider for. Dei pårørande har bede pressefolk la dei vera i fred.
- Pressa må vakte seg
Per Edgar Kokkvold
-Viss det er slik journalistar og fotografar har oppført seg, så er det kritikkverdig. Det seier leiar i Norsk Presseforbund, Per Edgar Kokkvold. Han ber pressa vakte seg slik at dei ikkje gjer overgrep i tida framover.
Kokkvold oppmodar journalistane og fotografane om å ikkje gjere tida etter drapet tyngre enn den er. Han seier det er viktig å hugse at menneske i sjokk og sorg er meir sårbare enn andre, og også journalistar må hugse på at dei kan påføre menneske unødige lidingar.