– Framtidas vêr er her allereie

I sommar stod varmerekordane for fall. I september gjorde nedbørsrekordane det same. – Vêret me trudde skulle koma i 2080, har allereie kome, seier klimaforskar Carlo Aall.

Carlo Aall

Klimaforskar Carlo Aall. Her ved vêrstasjonen på Njøs i Leikanger kommune, ein av mange vêrstasjonar på Vestlandet som målte nedbørsrekord i september.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Septembervêret på Vestlandet vart ein stor kontrast til sommaren me nett har lagt bak oss. Lista over målestasjonar som aldri har fått meir regn enn i september, er lang .

Sommaren var stikk motsett i store delar av Noreg, med varmerekordar og ekstrem skogbrannfare .

– Langt inne i framtida

Klimaforskar Carlo Aall ved Vestlandsforsking, fortel at rekordskredet tyder på endringar.

– Det tyder på at me er i ferd med å leggja bak oss gårsdagens klima. Me går inn i det nye klimaet, som er spådd og varsla grundig gjennom arbeidet til FN sitt klimapanel, seier Aall og legg til:

– Dagens nedbørsmengde på Vestlandet er det modellane sa me antakeleg skulle få i år 2080. Så me er allereie langt inn i framtida, diverre.

Slo hundre år gamal rekord

I Mylkebustdalen på Breim har Jakob Myklebust ei våt arv. Den pensjonerte bonden må kvar dag finne ut kor mykje regn som har ausa ned på heimplassen og melde vidare, noko familien til Myklebust har gjort i fleire generasjonar.

I september kunne vêrobservatøren slå fast at ein over 100 år gamal rekord var slått.

– Det regna 496,1 millimeter i september, noko som er 26 millimeter meir enn den førre rekorden i 1917, seier Jakob Myklebust.

Vêrobservatøren merkar godt til endringane i vêret.

– Det har vore høge tal før. Eg trur det er ein naturleg variasjon, men ein skal ikkje sjå vekk frå at det er klimaendringar. Det har vore ekstremt med tørke først, før vi fekk store nedbørsmengder, seier Myklebust.

Jakob Myklebus

I FLEIRE GENERASJONAR: I Myklebustdalen på Breim har familien til Jakob Myklebust målt nedbør i fleire generasjonar.

Foto: HÅVARD HEGGEN / NRK

Vêrmønster i lås

Aall fortel at vêrmønstera går i lås, og dermed blir vêrtypen verande lenger enn tidlegare. Varme dagar kan bli tørkeperiodar, og dagane med regn blir så mange at faren for flaum aukar.

– Etter kvart som isen over nordpolshavet smeltar, aukar fordampinga. Det påverkar jetstraumane høgt over oss, som gir nye former for låsing av vêrmønstera. Me kjem til å få meir ekstremvêr, og truleg også ekstremt mykje dårleg vær framover, seier Aall.

Brunsvidd jorde i Ringebu under tørka 2018

TØRT: Tørken i sommar gjorde store skader. Her frå Ringebu.

Foto: Alexander Nordby / NRK

For seint ute

– Diverre er det «etter snar», heller enn «føre var». Veldig mykje av det me gjer av tilpassing, skjer etter skaden er skjedd.

Det er ein av årsakene til at kunnskapsmiljøet i Sogn, i samarbeid med andre forskingsinstitutt, har utfordra regjeringa til å gi pengar til eit nasjonalt kunnskapssenter om klimatilpassing i Sogn.

– Det hastar med å finna ny kunnskap for å vita kva me skal gjera på best mogleg måte.