Hopp til innhold

– For dårleg kulturtilbod for utviklingshemma i fylket

FØRDE (NRK): Kommunane i Sogn og Fjordane er ikkje flinke nok til å vareta utviklingshemma sine rettar i eit aktivt kulturliv.

Anita Espedal

SAKNAR KULTURTILBOD: Anita Espedal er glad i musikk og har lyst til å synge, men manglar tilbod.

Foto: Bård Holmen Solvik / NRK

– Eg kunne ynskt meg at eg fekk vere med på musikk, det er eg ikkje no, seier Anita Espedal.

Espedal er utviklingshemma og er ein av mange på Kronborg resurssenter i Førde som har lyst til å vere med på kulturelle arrangement og aktivitetar. På grunn av mangel på slike tilbod i fylket, sit Espedal ofte heime i sofaen.

– Då ser eg på TV, eller eg strikkar babyteppe. Eg har strikka over 40 stykke til saman. Og så er eg interessert i geografi, det har eg vore heilt sidan 1980-talet.

Blir passive

Sogn og Fjordane er eit av fylka som ikkje er gode nok på tilrettelegging av kulturtilbod for utviklingshemma. Utan arrangement og aktivitetar som er sett i gong, er det vanskeleg for dei med sjukdommar å bli ein del av samfunnet meiner studieleiar Gry Sætre.

Gry Sætre

BLIR PASSIVE: Studieleiar Gry Sætre.

Foto: Bård / NRK

– Det vi opplever, er at dei blir passive. Dei blir ikkje aktive deltakarar på fritida og blir ofte sittande heime. Det er krevjande både for dei som er nære pårørande til dei med utviklingshemming, og dei opplever det også som krevjande sjølve, seier Sætre.

– Kulturlova legg veldig vekt på kultur skal leggast til rette for alle. Då må vi og ta tak i denne biten, og sjå på om vi kan bli betre ute i kommunane slik at vi kan nå alle med eit kulturtilbod, seier Jorunn Bakke Nydal, som er koordinator og musikkterapeut.

Må vere basert på frivillige

Leiar for bu- og miljøtenesta, Harald Bjarte Reite, meiner frivillige organisasjonar må stille dersom kulturtilboda skal bli betre

Harald Bjarte Reite og problem med måse som går til angrep

MÅ VERE FRIVILLIG: Harald Bjarte Reite er leiar for bu- og miljøtenesta.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu (MMS-foto) / NRK

– Vi er heilt avhengige av frivillige for å få til eit tilbod som fungerer over tid. Kommunen er kommunen og driv offentlege tenester. Fritidstilbodet for dei fleste av oss andre det går føre seg på frivillig initiativ og er mykje meir hjartebasert enn det som kommunen kan få til.

I mars vil det bli haldt kurs i korleis fylket kan bli betre på å legge til rette kulturtilbod for funksjonshemma. Espedal trur og håpar dette kurset vil gjere det betre for ho.

– Det håpar eg sjølvsagt.