Hopp til innhold

– Dette skaper frykt hjå dei unge

Ordføraren har dagleg køyrt forbi rasstaden i 40 år, og kikkar ofte opp i fjellsida. Etter raset torsdag vil han vere ekstra på vakt.

Ras i Matbjøra 15.09.16

UROA: Det er uvisst når steinane rasa ned i vegbana, men ordføraren prisar seg lukkeleg over at ingen vart tekne av raset. Vegen har vore stengt heile torsdag og er først venta å opne att fredag ettermiddag.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Eg får mange tilbakemeldingar frå innbyggarane om vegen. Det som uroar meg er at raset skaper frykt, spesielt hjå dei unge. Dei er veldig redde, også for isnedfall, seier ordførar Mathias Råheim.

Ein gong i løpet av onsdag kveld etter natt til torsdag dundra ein 50 kubikk stor stein i

Mathias Råheim

FRYKT: At folk blir redde skjønar ordføraren, men det uroar også Mathias Råheim.

Foto: Eirik Hildal / NRK

vegbana på fylkesveg 610 mellom Sande og Eldalsosen. Ingen bilar eller personar vart trefte av raset, men vegen er framleis stengd. Og det er ikkje første gong det rasar der, fortel ordføraren.

– Det siste store raset er heldigvis lenge sidan, men det kjem steinar ned altfor ofte. På 70-talet kom eit stort ras, då hugsar eg at elevane på ungdomstrinnet på Sande måtte gå over raset i mørket.

Terje Vallestad er ein av mange som dagleg køyrer på vegen. Han sa til NRK tidlegare torsdag at det var massive steinblokker som møtte han på vegen torsdag morgon.

– Den var ikkje liten den største steinen som har kome ned. Dette er noko vi har venta på, og eg håpar inderleg at det ikkje er nokon som er teken av raset.

Ras i Matbjøra 15.09.16

OMFATTANDE: Steinblokka på 50 kubikk må sprengast, ny asfalt må leggast og 100 meter rekkverk fiksast før vegen kan opne att.

Foto: Alf Vidar Snæland

Håpar på tunnel

Vegen er tidlegast venta å opne fredag ettermiddag. Omkøyring går via E39 om Moskog og Førde.

– Sprengingsutstyret er på plass, men vi må også ordne opp i krateret i vegbana. og rekkverket er skadd i kring 100 meter, så det er mykje opprydding, seier prosjektleiar i vegvesenet, Lars Erik Karlsen.

Innbyggjarane og kommunen har lenge kjempa for å få på plass ein tunnel på strekninga, men framleis er det mange fleire vegar og strekningar som står høgare på prioriteringslista.

– Eg trur ikkje det blir tunnel med det første, men eg håpar den kjem, seier Råheim.

I løpet av sine 40 år som pendlar på vegen har han mang ei natt blitt liggande og gruble på kva som ville møte han på vegen, spesielt i dårleg vêr. Han har tidlegare rådd folk til å ikkje sjå opp, men heller sjå på vegen, for fjellsida kan gjere ein nervøs.

– Eg vil sjå opp, klart det. Eg kjem til å vere ekstra på vakt.