– Dette er noko vi har venta på

I natt har det gått eit stort steinras på fylkesveg 610 ved Matbjøra mellom Sande og Eldalsosen i Gaular.

Raset i Matbjøra på fv 610

STORT RAS: Ei stor steinblokk har lagt seg til rette i vegbana og har trykt ut autovernet.

Foto: Alf Vidar Snæland

Siste: Vegen blir tidlegast opna i fredag ettermiddag, melder Statens vegvesen. Opprydding på vegen er i gang, men det er uklart nøyaktig når dette arbeidet vil vere avslutta.

Ras i Matbjøra 15.09.16

STORE SKADER: Denne steinen har laga ei djup grop i vegen.

Foto: Alf Vidar Snæland / NRK

Terje Vallestad kom til rasstaden på veg til jobb i dag tidleg. Han seier dette er ei svært rasutsett strekning.

– Eg kom ikkje forbi. Den var ikkje liten den største steinen som har kome ned. Dette er noko vi har venta på, og eg håpar inderleg at det ikkje er nokon som er teken av raset. Eg snakka med ein kar på Mesta, og han var rimeleg sikker på at det ikkje er nokon som er treft.

I tillegg til ein stor stein er det mykje anna som har kome ned, småsteinar, jord og tre.

Folk frå Mesta er på plass, men Tore Tysse på Vegtrafikksentralen seier at det vil ta tid før dei har fått rydda vegen.

Foto: Alf Vidar Snæland

VIDEO: Slik ser det ut på rasstaden. Foto: Alf Vidar Snæland

– Fekk skjelven

Vallestad seier at han hadde hengar bak bilen sin, og han måtte kople den frå for å få snudd. Han vedgår at han ikkje var høg i hatten.

– Å stå berre hundre meter frå raset under desse hamrane var ikkje triveleg. Det er første gongen eg har fått skjelven litevetta.

Han seier at dei som dagleg køyrer på denne vegstrekninga i mange år har arbeidd for å få rassikring.

– Hadde vi fått ein tunnel på 800 meter hadde vi fått bort dette svineriet. Det er utruleg mykje overheng. Om det rasar frå høgste punktet er det 300 meter rett i vegen. Det har vore kjempa heilt sidan 1960-talet. Eg har liggande ein geologirapport frå 1960-talet, og den viser kor skremmande området er.

Terje Vallestad trur vegen gjennom Matbjøra kan bli stengd i fleire dagar.

– Det må reinskast i fjellsida før det er trygt å opne for trafikk.

Ras i Matbjøra 15.09.16

STOR STEIN: I natt har det gått eit stort steinras på fylkesveg 610 ved Matbjøra mellom Sande og Eldalsosen i Gaular.

Foto: Alf Vidar Snæland
Laster kart, vennligst vent...

RASSTADEN: Matbjøra er på sørsida av Viksdalsvatnet, ikkje langt frå Eldalsosen.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.