– Dette er tungt å svelgja

Sogndal tapte 4–0 borte mot Haugesund onsdag. – Me tapte for eit betre fotballag, sa trenar Harald Aabrekk etter kampen.

Haugesund jublar for skoring

Haugesund jublar for skoring etter tre minutt.

Foto: Kent Skibstad / Scanpix

NRK fylgde kampen minutt for minutt.

Det vart totalkollaps for Sogndal mot Haugesund i dag.

– Meir saft i beina

Harald Aabrekk intervjua på TV

Harald Aabrekk fekk ein tung dag på jobb. Etter kampen vart han gløymt att i Haugesund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Haugesund var tempomessig og klassemessig over oss i dag, og då vart det stygge siffer, seier Aabrekk.

Etter den gode kampen mot Rosenborg i helga, var det lite som minna om eit Sogndal-lag i framgang.

– Dei to fyrste måla pregar oss, og me blir litt urutinerte og slik får Haugesund rom og kan setja inn det tredje målet rett før pause.

Botnstrid

Sogndal hadde minimalt med sjansar i ein kamp som stort sett vart spelt éin veg. no må Sogndal verkeleg jobba for å halda seg i den øvste divisjonen.

– Me har klart å klora oss fast i ein periode, og det skal me klara fram til november, seier Aabrekk.

Kaptein Eirik Bakke har heller ikkje vanskeleg for å innrømma at sigeren var fortent.

Tre spelarar ute

Eirik Bakke

Eirik Bakke vel å sjå framover etter den pinlege forestillinga mot Haugesund.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det var tungt. Kampen var i realiteten avgjort etter 12 minutt, og i dag må me berre sei at me var for dårlege, seier Bakke.

Sogndal merka godt saknet av Barry Kader, Even Hovland og Elvis.

– Normalt tek Elvis dei daudballane på fyrste stolpe. Når alle er friske, veit me at me kan bita godt ifrå oss, seier Bakke.

– Tungt å svelgja

– Det er tungt å svelgja eit 4-0-tap. Det er ikkje moro å innrømma det, men Haugesund var klart betre enn oss i dag, seier kapteinen.

Allereie etter tre minutt skrudde Daniel Bamberg eit frispark i mål, og berre 18 minutt seinare dobla Chris Pozniak leiinga for vertane. Nikola Djurdjic auka til 3–0 rett før pause, og kampen var i realiteten avgjort.

Etter pause heldt Haugesund fram trykket, og etter først å ha skapt mange sjansar, sette Alexander Søderlund definitivt spikaren i kista etter 75 minutt, då han på enkelt vis skorar på eit innlegg.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.