NRK Meny
Normal

– Dette er det vanskelegaste vi driv med

Politikarane i Vik klarer ikkje å avgjere framtida for skulane i kommunen enno. I staden vil dei snu alle steinar for å sjå om dei heller kan spare pengar på andre område.

Olav Turvoll, ordførar i Vik

MÅ SPARE: Ordførar Olav Turvoll og politikarane i Vik må fram med sparekniven dei neste åra.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Rådmann Oddbjørn Ese i Vik har tilrådd politikarane i kommunen å leggje ned skulane i Fresvik og Vangsnes. Men då saka var oppe i kommunestyret i dag hadde politikarane ikkje hjarte til å setje to strekar under det svaret. Iallfall ikkje enno.

Ordførar Olav Turvoll (Sp) seier kutt i skulesektoren er noko dei vegrar seg for å gjere.

– Dette er det vanskelegaste vi driv med. Det er meir temperatur i denne saka enn det elles brukar å vere, men no er det om å gjere at vi held hovudet kaldt.

Har mindre å rutte med

Det er spesielt reduksjonen i kraftinntekter som har sett politikarane i Vik i den vanskelege situasjonen, seier Turvoll. Han fortel at kraftinntektene har blitt redusert med mellom 20 og 25 millionar kroner i løpet av nokre år.

Den økonomiske situasjonen for kommunen blir skildra som dramatisk, og politikarane må fram med sparekniven.

– Vi må sjå på alle sektorar, inkludert skule og barnehage, seier Turvoll.

Treng meir tid

Kommunen har hatt hjelp av konsulentselskapet Norconsult som har skissert ei rekkje alternativ for kutt i skulesektoren. Tidleg i sommar kom rådmannen med si tilråding, der skulane på Vangsnes og i Fresvik blir føreslått lagde ned.

Turvoll vil i dag ikkje seie at enkelte skular står meir i faresona enn andre.

– Det flyt litt no, med fleire alternativ som kan gje ulike resultat. Vi må sjå det økonomiske opp mot skadeverknadane når det gjeld til dømes utkantane og det at dei kan miste tilbod.

Politikarane har no bede om meir tid. I tida framover skal det jobbast for å få full oversikt over alle sektorar og korleis kommunen kan spare pengar, utan at det går utover skulane.

– Kan de klare å gjere så store kutt på andre sektorar at de kan spare skulane?

– Eg trur det blir vanskeleg. Men vi har nokre fond som vi kan strekkje over nokre år. Då kan det bli mogleg at vi kan bruke litt tid på dette, men vi kan ikkje bruke lang tid på å få budsjetta våre i balanse.

Med andre ord kan ei freding av skulane denne hausten berre bety nye rundar om nokre år, vedgår ordføraren. Han er budd på tøffe forhandlingar framover.

– Vi må leite for å sjå kvar kutta smerter minst.

Ifølgje Turvoll vil nedleggingar av skular kunne spare kommunen for mellom tre og fem millionar kroner i året, avhengig av kva kuttløysing dei går for.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.