Hopp til innhold

– Det er no arbeidet byrjar

Mange stadar er det mykje som må gjerast dagen etter stormen. Slik ryddar dei opp etter «Urd».

Rydding etter "Urd"
Foto: Bård Siem / NRK

Tre som er opptil 40 meter lange har velta ved Lillevatnet i Florø, på ein stad der mange ferdast kvar dag. I dag er det mykje arbeid som må gjerast for at det skal vere trygt ute.

– Her er skog som stormen har lagt ned. Akkurat her er det fire-fem store tre, og eitt av dei ligg over ei straumlinje, seier Rune Rasmussen i Flora kommune.

Farleg arbeid

Han er ute for å rydde tre som har velta i Florø. Trea ligg i spenn mot kvarandre så det kan vere farleg å vere i nærleiken av slike velta tre.

Rune Rasmussen ryddar eter "Urd"

Rune Rasmussen ryddar eter 'Urd'.

Foto: Bård Siem / NRK

– Desse trea er så store at gravemaskina ikkje klarer å løfte dei. Det kan gå verkeleg gale dersom nokon får slike tre over seg, seier han.

Varabrannsjef i Flora, Eivind Ask, visste tidlegare i dag ikkje heilt omfanget av skadane i kommunen, medan det framleis var mørkt ute.

– Når det lysnar vil vi få klarlagt omfanget av dette. Vi må ta ein del rundar rundt på vegane for å sjå korleis det ser ut, seier han.

Politiet ber folk respektere sperringa av turstiane rundt Lillevatnet i Florø. Politiet opplyser at sperrebanda blir fjerna når området er rydda.

Dagevis med arbeid

I Fjaler var det mykje å gjere måndag kveld, for å unngå at skader på hus og folk. Men i dag er det kanskje meir å gjere. Edvin Bøthun er budd på å få mange meldingar om skader i dag.

– Eg reknar med det blir mykje å gjere i dag. Det er no arbeidet byrjar, seier han.

I kommunesenteret Dale vart fleire kommunale bygningar skadde av flygande steinar, måndag kveld.

I Florø er dei òg budde på å jobbe lenge før alt er rydda opp.

– Her er det arbeid i to-tre dagar for å få rydda opp alt, seier Rasmussen.