NRK Meny
Normal

– Det er eigentleg naturstridig at Sogndal skal klare å rykke opp gong på gong

– Det er imponerande det Sogndal presterer, seier Karl Petter Løken, som er fotballkommentator i NRK. Sundag vart det klart at Sogndal igjen er klare for opprykk til elitedivisjonen.

Karl Petter Løken

IMPONERT: NRKs fotballkommentator, Karl Petter Løken.

Foto: Montasje: / NRK

– Dei syner gong på gong at det er kultur og stoltheit og tradisjonar i Sogndal.

Sundag ettermiddag stod i Sogndal sitt teikn på AKA Arena. Då dommaren bles av etter 90 minutt stod det 5–2 til Sogndal, og når Kristiansund samstundes tapte sin bortekamp 2–0 mot Åsane vart det klart: Det blir eliteseriespel for Sogndal neste år.

Sogndal er igjen på plass eliteserien i fotball. Dermed kan saftbygda igjen kalla seg verdas einaste tippeligabygd. Og i dag markerte både små og store opprykket .

Nesten naturstridig

I skrivande stund ligg Sogndal framfor erkerivalen Brann på tabellen. Er det resultatet også når dei tre siste rundane er spelte er det nærast naturstridig meiner Løken.

– Viss du ser på Sogndal med rundt 7000 innbyggar i kommunen, og Bergen som er den nest største byen i landet, med 275 000 innbyggarar, og Sogndal er betre enn Brann så er det heilt utruleg.

Løken meiner det seier litt om kor flinke dei er i Sogndal til å jobbe langsiktig, og kor gode tradisjonar dei har.

– Ikkje minst med å få fram gode fotballspelarar. Så står det att då å bite seg fast i den øvste divisjonen, men det er nesten naturstridig at dei gong på gong klarar å spele fleire år i eliteserien.

Beinhard jobbing

Sundag blei altså beinhard jobbing gjennom det siste året kåra med hell for Sogndal. For marknadssjef Stine Lilloe-Olsen var det vanskeleg å halde at tårene.

– Det er masse kjensler som kjem ut når vi no endeleg har greidd det. I dag er vi alle litt håse og raude i augo, seier Lilloe-Olsen.

Men sjølv om eliteseriespelet til neste år alt er klart er det framleis mykje å spele om for Sogndal.

– Vi ynskjer jo å ta førsteplassen i ligaen.

I tillegg til det sportslege ligg det også ei økonomisk gulrot i å bli ligameister.

– Forskjellen på 1. og 2.-plass er faktisk ein liten million og det betyr mykje for ein liten klubb som Sogndal.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.