Hopp til innhold

Har mange tankar i hovudet etter terrorangrepet under Boston Marathon

– Det har meir og meir gått opp for oss omfanget av hendinga, seier sunnfjordingen Terje Lyngstad om bombeeksplosjonen i Boston måndag kveld norsk tid.

Terje Lyngstad var i Boston då bombene small.

FLAKS: Terje Lyngstad og kjærasten Gro Tufte frå Høyanger vedgår at dei har hatt flaks som er i live etter at to bomber eksploderte under Boston Maraton.

Foto: Fotomontasje: David L. Ryan (AP)/Privat

Terje Lyngstad var mellom 30 nordmenn som stilte på startstreken under det legendariske Boston Marathon.

Tre personar er stadfesta omkomne, og 144 skadde, etter at to kraftige bomber gjekk av i målområdet.

– Det er både uverkeleg og trist at noko slikt skal skje på ei så fredeleg hending som eit maratonløp. Med så mange menneske til stades som berre er ute i eit positivt ærend, seier Lyngstad når NRK snakkar med han tysdag morgon norsk tid.

Hadde flaks

Kaotiske tilstander i Boston etter bombeeksplosjon

KAOTISK: Kaos herja i Boston sine gater etter bombeeksplosjonane.

Foto: Stuart Cahill / Ap

Sunnfjordingen var i Boston saman med kjærasten Gro Tufte frå Høyanger. Han vedgår at dei har mange tankar i hovudet under ti timar etter eksplosjonane.

Dei har hatt flaks.

– Vi har jo tenkt på at dersom vi hadde gått tilbake for å sjå dei andre løparane komme i mål, så kunne vi kome midt i det. Hadde eg kome seinare inn, så hadde vi kome midt i det. Hadde eg starta seinare, så hadde det skjedd, seier han og legg til.

– Ei terrorhandling

Eksplosjonane blir av Det kvite hus kalla terrorhandling. Bombene gjekk av kring 50 minuttar etter at Lyngstad hadde kome i mål, og kring sju minuttar etter at han sjølv hadde reist frå staden.

– Det var eit fantastisk arrangement, flott vêr, gratulasjonar og stor glede over gode tider. Så skjer dette som berre snur alt på hovudet. Då er det ikkje så viktig med tider og korleis det gjekk med løpa. Dei tinga blir utruleg lite viktige. Det set tinga litt i perspektiv, seier Lyngstad.

– Plutseleg vart det stille

– Alt i alt kjenner vi oss veldig heldige som ikkje er berørt i det heile, men vi tenkjer mykje på dei som er berørt. Både døde og skadde, og deira familiar.

Oddny Ringheim

SMELL: Oddny Ringheim var nesten komen til mål då bombene gjekk av.

Foto: Jan Ringheim

Oddny Ringheim frå Vik, men no busett i Bergen, var nesten i mål då bombene gjekk av.

– Eg hadde sprunge 41 kilometer, og hadde ein kilometer att, då eg høyrde to smell. Med det første tenkte eg det var ein salutt frå ei feiring i målområdet. Så skjønte eg på løparane kring meg at det var alvor, seier ho.

Såg eksplosjonen

Eksplosjoner i Boston

GJEKK AV: Den første bomba går av i målområdet på Copley Square.

Foto: NBC / Reuters

– Brått etter eksplosjonen vart det heilt stille blant publikum som stod og heia i gatene, legg ho til.

Ei veninne av Ringheim hadde nett passert målstreken då bombene gjekk av. UD melder at dei førebels ikkje har fått meldingar om nordmenn er blitt skadde.

– Ho såg bombene, røyken og panikken, fortel ho.

Stille i gatene

Lyngstad vart først klar over hendinga då han var tilbake på hotellet og såg nyhenda på TV. Her har han også halde seg sidan eksplosjonane.

Kaotiske tilstander i Boston etter bombeeksplosjon

KAOTISK: Kaos herja i Boston sine gater etter bombeeksplosjonane.

Foto: Stuart Cahill / Ap

Han bur nærme målområdet og har sett politi, brannbilar og ambulansar prege området.

– Du merkar at det er stille i gatene. Folk har vel følgt rådet om å halde seg inne og ikkje oppsøkje folka plassar. Det er ikkje akkurat noko feststemning, for å seie det forsiktig, seier han.

Heim onsdag

Etter planen skal Lyngstad og kjærasten reise heim til Norge onsdag morgon norsk tid.

– Vi har tenkt å oppføre oss som normalt, men bur veldig nær målområdet og gata der innkomsten var. Vi såg at alt er stengt av i morgon, så vi må finne på andre ting å gjere på, avsluttar han.