Hopp til innhold

Ap gjorde brakval i industrikommunen – men kritikken mot partileiinga haglar

I Ap-bastionen Årdal er mistilliten til toppleiinga stor.

Årdalstangen

REINT BORD: I Årdal fekk Ap fleirtal i valet. Likevel er mange i kommunen svært skeptiske til at Jonas Gahr Støre får halde fram som leiar i partiet.

Foto: Atle Romøren

I ettermiddag er Arbeidarpartiet sitt landsstyre samla for første gong sidan partiet gjorde sitt dårlegaste kommuneval etter krigen.

I Årdal gjekk det derimot svært godt, då partiet fekk reint fleirtal i kommunevalet.

Likevel har trua på Støre og leiinga sentralt byrja å visna, også her.

– Støre har feila på for mange punkt, seier leiar Rune Guttormsen i Årdalstangen Kjemiske Arbeidarlag.

Følar seg oversett

Den tradisjonsrike industrikommunen har lenge vore eit utstillingsvindauge for Ap, og ein skal ikkje så mange år tilbake i tid for å finna valresultat der tre av fire årdølar stemte Ap. Men med så stor oppslutning, er også forventingane høge.

– Mange årdølar har sakna ein tydelegare politikk og standpunkt, seier Guttormsen.

Han meiner toppleiinga er i ferd med å miste fotfestet, og at dei over lengre tid har feila i å lytte til dei som utgjer sjølve kjernen av partiet.

– Det er jo eit sosialistisk parti og då skal henta frå grasrota og lytte på folket. Det følar eg ikkje dei har gjort, spesielt for vår del i acer-saka, der dei tok sine eigne standpunkt som me meiner var feil.

Ynskjer endringar

Ap-veteran Torstein Kvam, som dagen etter katastrofevalet kravde Støre sin avgang, er framleis klar på at partileiinga treng utskifting. Årdølen meiner toppleiinga manglar ein klar visjon.

– Eg trur me har behov for å få inn ein anna leiar. Eg tykkjer Støre er alt for upresis, seier han.

Torstein Egil Kvam

LITEN TRU: Ap-veteran Torstein Kvam meiner Jonas Gahr Støre er ein alt for vag leiar for å ta partiet framover.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK


I dagens Klassekampen er Jonas Gahr Støre klar på at klima og omstilling skal bli ein av dei store sakene fram mot neste val. Kvam stiller seg positiv til dette, men er framleis ikkje heilt overtydd.

– Me vil no sjå det først då. Slik at det ikkje berre vert med praten, seier han.