Hopp til innhold

Ap-veteran krev Støre sin avgang: – Eg har ikkje tru på han

ØVRE ÅRDAL (NRK): Ap-veteran Torstein Kvam er ikkje i tvil: Jonas Gahr Støre bør trekkje seg som partileiar etter det dårlegaste lokalvalet til Arbeidarpartiet nokon gong.

Torstein Kvam på kafe i Øvre Årdal

KREV STØRE-AVGANG: Ap-veteran Torstein Kvam meiner at det elendige valresultatet for partiet bør føre til at Jonas Gahr Støre trekkjer seg og at Trond Giske blir ny leiar.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har ikkje så jækla tru på han som sit som leiar no. Vi skulle vel hatt Giske inn der. Eg har sansen for han. Eg synest Giske står fram på ein bra måte, han har eg verkeleg trua på, seier Kvam som sjølv har vore Ap-politikar i mange år.

I utstillingsvindauga Årdal gjorde Arbeidarpartiet reint bord og fekk 53,5 prosent av røystene. Det får Kvam og andre veteranar i industribygda til å juble, men han er slett ikkje nøgd med Støre. I Noreg blei Ap-resultatet 24,8 prosent.

– Støre framstår som ein Høgre-mann, meiner Kvam.

Vil ikkje trekkje seg

Ap-leiar Jonas Gahr Støre forstår at det blir stilt spørsmål ved om han er eigna som partileiar.

Men han er tydeleg på at han blir sitjande så lenge han har tillit i partiet. No startar jobben med å byggje partiet opp att til stortingsvalet om to år.

– Det kjem til å bli ein tornefull veg, men eg er inspirert til å vere med, seier Støre.

Ap-leiaren er tysdag morgon tydeleg på at han er skuffa over resultatet, men glad for at dei truleg held maktposisjonane i dei store byane.

– Eg er skuffa over eit resultat midt på tjuetalet. Det er ingen tvil at vi må ta dette som eit kraftig varsel frå veljarane, seier han.

Kommune- og fylkesvalget 2019. Arbeiderpartiets valgvake

SKUFFA: Ap-leiar Jonas Gahr Støre slår nok ein gong fast at han ikkje kjem til å trekkje seg som leiar.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

– Veldig sørgeleg

Tysdag føremiddag er den nye ordføraren i industrikommunen i Sogn på veg til sentralstyremøte i Arbeidarpartiet. Hilmar Høl er litt sliten, men lukkeleg over å ha sikra seg meir enn 50 prosent av røystene lokalt i Årdal.

– Eg må ærleg innrømme at det er eit fantastisk resultat, seier Høl til NRK dagen derpå.

For medan han kunne glise til frukost er det hangover og hovudverk sentralt i Ap. 24,8 prosent på landsplan er det dårlegaste resultatet for partiet i eit lokalval nokon gong.

– Veldig sørgeleg at det har blitt sånn. Eigentleg er Arbeidarpartiet og politikken viktig. Vi er eit styringsparti frå gamalt av, og no har vi gjort tidenes dårlegaste kommuneval. Vi må setje oss ned og diskutere kva vi kan gjere annleis.

Men i motsetnad til partikollega Torstein Kvam vil han frede Støre som partileiar, i alle fall enn så lenge.

Politisk kommentator, Magnus Takvam, med en kort analyse av valget.

Politisk kommentator, Magnus Takvam, med en kort analyse av valget.

Vil seie klart ifrå

Hilmar Høl vil ikkje forskottere resultatet av sentralstyremøtet i Arbeidarpartiet i dag, men han lovar at han ikkje kjem til å halde kjeft.

– Eg kjem i alle fall til å seie meininga mi. Vi har eigentleg ein veldig god politikk for Distrikts-Noreg, men vi kjem ikkje ut med den. Det har sine årsaker. Vi har ikkje fått tatt den arenaen skikkeleg i dette valet, meiner Høl.

Arbeidarpartiet har tradisjonelt sett vore dominerande styringsparti i alle industrisamfunna på Vestlandet. Sjølv om dei held den suverene posisjonen i stadar som Årdal, Høyanger og Odda, tapte dei stort mot Senterpartiet i Sauda.

Hilmar Høl jublar i Årdal

FULL JUBEL: Hilmar Høl kunne reise hendene i lufta og juble etter valresultatet for Ap i Årdal. Tysdag møter han partileiinga.

Foto: Sunniva Knutsen/porten.no

– Mål i livet

Medan stemninga var tung på den sentrale valvaken i hovudstaden, sat både tårer og latter laust i Ap-bastionen Årdal.

Då partiet passerte 50 prosent av røystene forstod Hilmar Høl at han er den nye ordføraren i heimkommunen. Men noko feiring blir det lite av, til det er møte om Arbeidarpartiet si framtid for viktig.

– Det rann nokre tårer då eg oppfatta det at eg har faktisk blitt ordførar i Årdal. Eg er faktisk veldig rørt. Det har jo vore eit mål i livet.

Partioppslutning i Årdal

53,4 %
1540 stemmer
35,6 %
1028 stemmer
6,0 %
174 stemmer
5,0 %
144 stemmer

Partioppslutning i Norge

24,8 %
664695 stemmer
20,1 %
538765 stemmer
14,4 %
386350 stemmer
8,2 %
220713 stemmer
6,8 %
182548 stemmer
6,1 %
163652 stemmer
4,0 %
107185 stemmer
3,9 %
104316 stemmer
3,8 %
101316 stemmer
2,4 %
65300 stemmer
1,1 %
30350 stemmer
0,4 %
10523 stemmer
0,4 %
10442 stemmer
0,2 %
5496 stemmer
0,2 %
4525 stemmer
0,1 %
3651 stemmer
0,1 %
3272 stemmer
0,1 %
3180 stemmer
0,1 %
3071 stemmer
0,1 %
2620 stemmer
0,1 %
2594 stemmer
0,1 %
2500 stemmer
0,1 %
2361 stemmer
0,1 %
2345 stemmer
0,1 %
2159 stemmer
0,1 %
2140 stemmer
0,1 %
2037 stemmer
0,1 %
2008 stemmer
0,1 %
1996 stemmer
0,1 %
1991 stemmer
0,1 %
1881 stemmer
0,1 %
1680 stemmer
0,1 %
1396 stemmer
0,0 %
908 stemmer
0,0 %
823 stemmer
0,0 %
639 stemmer
0,0 %
468 stemmer
0,0 %
185 stemmer
0,0 %
33 stemmer