Hopp til innhold

– Dei fråskriv seg alt ansvar

Leiaren i Utdanningsforbundet i Sogn og Fjordane meiner kommuneleiinga i Eid burde ta på seg ansvaret for mobbesakene ved Nordfjordeid skule.

Steinar Strømsli

ANSVARSFRÅSKRIVING: Leiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli, meiner rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, skulle ha teke på seg ansvaret for mobbesakene ved Nordfjordeid skule.

Foto: Tom Egil Jensen

– Eg reagerer veldig på at rådmannen fråskriv seg alt ansvar i denne saka. Det blir berre peika på éin person i denne saka, altså rektor ved skulen, seier Steinar Strømsli i Utdanningsforbundet.

I går fortalde NRK om Eid kommune som legg seg flate etter at Nordfjordeid skule i ei årrekkje visste om mobbing, men ikkje gjorde nok for å stoppe den.

I saka går det fram at ei rekkje foreldre ved Nordfjordeid skule har teke kontakt med skulen om mobbing. Foreldra seier til NRK at dei kjende seg avvist av rektor då dei bad om at det skulle bli oppretta såkalla enkeltvedtak.

– Klassisk leiarfeil

eli sætre

BITTER: – Når eg ser kor mykje barna våre har slite, og eg veit det er mange andre barn som har hatt det vondt, blir eg frykteleg bitter på at ingen har gjort noko, seier Eli Sætre, mor til to av gutane som vart mobba ved skulen.

Foto: Anders Mildestveit

Strømsli seier rektor har gjort ein feil ved å ikkje opprette såkalla enkeltvedtak, altså mobbesaker, då foreldre ved skulen bad om dette. Han meiner likevel det er hos rådmannen i Eid ansvaret ligg.

– Ho burde ha teke det ansvaret ho er plikta å ta. Det er ein klassisk leiarfeil å skyve ansvaret over på andre enn seg sjølv, seier Strømsli.

Rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, sa onsdag til NRK at rektor ved skulen har handtert sakene feil.

– Han har opplevd at han har teke sakene alvorleg, og prøvd å sette inn tiltak, men ser at han har gjort det på feil måte. Han skulle i mykje større grad ha oppretta enkeltvedtak for å følgje prosedyrane, fordi han kunne ha sikre ei betre tilnærming og avdekking, og kanskje lukkast med å stoppe dette tidlegare, sa rådmann Krogsæter til NRK.

Avviser kritikken

Åslaug Krogsæter

ALVORLEG: Rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, har snakka med mange foreldre siste vekene. – Dei fortel om utestenging som medfører store psykiske problem. Andre barn gir uttrykk for at dei ikkje veit om dei orkar å leve fordi livet er så vanskeleg, seier ho.

Foto: NRK

Krogsæter avviser kritikken frå Utdanningsforbundet om at ho fråskriv seg ansvar.

– Nei, eg oppfattar ikkje at kritikken treff. Vi har ikkje fråskrive oss alt ansvar. Vi veit at det er kommunen og meg som er ansvarleg for verksemda i kommunen. Problemet her er at kritikken frå foreldra har gått direkte på rektor si handtering av sakene.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane gjennomførte i 2010 eit tilsyn ved Nordfjordeid skule, der dei mellom anna såg mobbing i skulen. I rapporten blei det peika på at skulen var tilbakehalden med å opprette mobbesaker.

– Skulle du som rådmann vore på bana tidlegare?

– Vi ser i ettertid at vi burde ha ei form for sjekk på at systemet fungerte, seier Krogsæter.

– Gjort mykje for å stoppe mobbing

Strømsli i Utdanningsforbundet presiserer at mangel på enkeltvedtak ikkje er det same som at det ikkje er gjort noko for å hindre mobbing ved skulen.

– Rektor skulle ha oppretta mobbesaker, men han har gjort ei rekkje andre tiltak over fleire år, og han har vore i god dialog med kommuneleiinga.

– Kommuneleiinga har ikkje kome med nokon kritikk mot rektor si handsaming i desse mobbesakene tidlegare, det er først no dette blir gjort. Då blir det feil å gå ut offentleg og kritisere han, seier Strømsli.