Hopp til innhold

7.-klassingar vekkjer til live 1500 år gamal hovding

VIK (NRK): 12- og 13-åringane i Vik gjer ein mektig og rik hovding frå 500-talet levande når dei i morgon har premiere på eit nytt historisk spel.

Hovding Gue, spelt av Malene Nummedal Bryn (t.v.), kjem til vesle Åshild, spelt av Britt van Dijk

KJEM I DRAUMEN: Hovding Gue, spelt av Malene Nummedal Bryn (t.v.), kjem til vesle Åshild, spelt av Britt van Dijk, medan ho søv.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Høgtidelege fanfarar rungar ut over kyrkjebakken føre Hove steinkyrkje og slår an tonen for eit litt annleis historisk spel.

Med kyrkjegarden som scene tek 7.-klassingane ved Flatbygdi skule publikum med 1500 år tilbake i tid, til 500-talet då det truleg levde ein rik hovding på Hove i Vik.

– Eg er ganske spent, men eg gler meg òg til å visa fram spelet, for me har arbeidd hardt med det. To timar kvar dag har me øvd, her oppe ved Hove-kyrkja eller nede på skulen, fortel Britt van Dijk (12), som spelar den vesle jenta Åshild i det nyskrivne «Guhaugspelet».

 Manusforfattar Jens Brekke instruerer dei unge skodespelarane

GJER HISTORIA LEVANDE: Manusforfattar Jens Brekke instruerer dei unge skodespelarane Malene Nummedal Bryn (f.v.), Britt van Dijk, Eirik Hopperstad og Sigrid Johanne Skjerven. Frida Helleland Sætre, læring i barne- og ungdomsarbeid, til høgre.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Mektig mann

I stykket er Åshild på overnatting hjå besteforeldra, men får ikkje sova. Besta kjem med både drikke, eple og varmeflaske, men veslejenta finn ikkje ro. Det er fyrst når besten kjem med segner og soger, som den om hovding Gue, at jenta sovnar.

Historiene som besten fortel til den livlege Åshild i senga lagar ei ramme kring den eigentlege forteljinga, om hovdingen som altså har fått namnet Gue, kalla opp etter «Guhaugen», ein stor gravhaug som låg eit lite steinkast frå Hove-kyrkja.

Då forngrava blei opna i 1847, blei det funne mellom anna eit staseleg messingbelte og ei stor bronsespenne. Ekspertane meiner såleis at den gravlagde må ha vore ein stormann.

– Eg spekulerte mykje på korleis eg skulle vitalisera ein gamal, nedgraven hovding, men så kom eg på at han skulle koma inn i draumen til ei lita jente som ikkje får sova. Men når ho omsider sovnar, drøymer ho om alt det besten har fortalt, seier Jens Brekke, som har skrive manuset til «Guhaugspelet».

Guhaugen i Vik

STOR GRAVHAUG: Dagens Guhaugen i Vik ligg like ved den store gravhaugen som «Guhaugspelet» har henta historisk inspirasjon frå.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Levande historie

Stykket er ei dramatisert forteljing om fleire historiske hendingar i Vik frå den mektige mannen på 500-talet og fram til våre dagar.

– Alt det historiske i stykket er kvalitetssikra av professor Liv Helga Dommasnes og fyrsteamanuensis Alf Tore Hommedal ved Universitetsmuseet i Bergen. Hommedal, som ættar frå Vik, har fôra meg med mykje historisk stoff. Det spennande har vore å systematisera og gjera materialet levande på ei scene, seier Brekke.

Baktanken til manusforfattaren har vore å gjera skuleungane interesserte i den lokale historia. Og ting kan tyda på at han har lukkast med det:

– Eg har lært litt om historie, så det har vore lærerikt å vera med på dette, seier van Dijk.

Eirik Hopperstad (f.v.), Malene Nummedal Bryn, Britt van Dijk og Sigrid Johanne Skjerven

UNGE SKODESPELARAR: Eirik Hopperstad (f.v.), Malene Nummedal Bryn, Britt van Dijk og Sigrid Johanne Skjerven er berre fire av dei 26 7.-klassingane ved Flatbygdi skule som skal urframføra «Guhaugspelet» torsdag kveld.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Belte og bronsespenne

7.-klassingen tykkjer dei får eit meir levande inntrykk av historia når dei med på eit slikt spel.

– Det er spesielt å vera med på dette, så me kjem sikkert til å hugsa det lenge, seier van Dijk.

Beltespenne

BRONSESPENNE: Det er gjort stor flid med kostyma til spelet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klassevenninna Malene Nummedal Bryn (13) er samd. Ho spelar hovding Gue og ber staselege kostyme:

– Eg har på meg ein svart mannekjole, eit fint belte, ei bronsespenne, ei raud kappe og skinnposar til sko. Det er moro å ha på seg slike gamaldagse klede.

Når Brekke har dramatisert historia på denne måten, støttar han seg på Ole Bremnes, skulestyrar i Svolvær i mange år og far til artistane Lars, Kari og Ola Bremnes:

– Eg las ein gong eit intervju med Bremnes i Norsk skuleblad. Der sa han at drama var det viktigaste faget i skulen. Han fortalde meg at han hadde egla på seg både matematikk- og norsklærarar. Men han stod fast på det, drama er viktigast, for det kan du bruka i alle fag for å gjera stoffet meir levande for elevane.

Sonja

Ideen til stykket var det Jon Grønsberg som hadde. Grønsberg er historisk interessert og var fascinert av historia om Gue.

– Ein dag viste han meg eit lite vikinghovud av sølv og sa: «Det er slik eg ser føre meg at Gue ser ut», fortel Brekke.

Kulturarbeidaren har mobilisert mange foreldre og frivillige i Vik, som instruktør Morten Holmberg, for å få spelet klart til premieren torsdag, og Vik sparebank og Vik kommune har bidrege med pengar.

Elevane har pugga lyden som kjem ut av det store lydanlegget på kyrkjebakken.

– Dei mimar replikkane som vaksne har lese inn på førehand. Grunnen er at me gjorde det på same måte då kongen og dronninga var på gjesting her i 2002. Etterpå heldt Sonja ein tale, der ho sa at dette var ein av dei få plassane ho hadde fått med seg kvart einaste ord. Så takka vera henne gjorde me det same her, seier Brekke.

Imponert over elevane

Hove steinkyrkje

SCENA: Hove steinkyrkje er bygd kring 1170 og er den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Guhaugspelet har tolv kapittel. Fem av dei blir framførte i år, medan andre kapittel blir dramatiserte neste år. Tanken er å få variasjon frå år til år i det som skal bli eit fast innslag på Gamalostfestivalen.

Brekke er imponert over dei 26 unge skodespelarane, som har levd seg skikkeleg inn i dei 40 rollene. Ein av 7.-klassingane er Eirik Hopperstad. Han spelar besten som fortel alle historiene til Åshild, utan at dei har den tiltenkte verknaden på barnebarnet.

– Eg trur ikkje eg gjer det noko betre når eg fortel historiene mine. For då blir ho endå meir vill, smiler Hopperstad.

I arbeidet med å øva inn rolla som besten, ser ikkje 13-åringen vekk frå at han kan ha henta eitt og anna frå kjekke ting han sjølv har gjort i lag med sine besteforeldre.

– Besteforeldra mine i Feios og i Vik er veldig snille. Då besten og eg køyrde traktor, pleidde me alltid å syngja. Det har eg òg gjort mykje med dei andre, så kanskje eg har teke med noko derifrå, seier Hopperstad.