Hopp til innhold

Kvinnedelen i lokalpolitikken på staden kvil, men ikkje i Stad

Sidan nittitalet har delen kvinner vore den same i kommunestyra. I Stad har dei tatt grep.

Siri Sandvik smiler på Youngstorget

LIKESTILLING: – Vi har jobba strukturert og iherdig, seier påtroppande varaordførar i Stad, Siri Sandvik. I kommunen er 16 av 33 kommunestyrerepresentantar kvinner.

Foto: Privat

– Sidan nittitalet har veksten flata ut, seier Signe Bock Segaard.

Ho er tilknytt Institutt for samfunnsforsking og forskar på valrepresentasjon. Dei siste tjue åra har kvinnerepresentasjonen i landets kommunestyre lege på 35 til 39 prosent.

– Om det ikkje var mogleg å gi personstemmer, så ville kvinnerepresentasjonen etter valet i 2015 ha vore 4 prosent høgare, legg ho til.

På same tid har òg delen kvinnelege ordførarar stabilisert seg på 20–30 prosent.

Ei samling med eit mål

Desse tala danna bakteppet våren 2018 då fellesnemnda for Stad kommune samla seg i Operahuset Nordfjord. Blant dei inviterte var nestleiar i Arbeidarpartiet, Hadia Tajik og fylkesmannen Anne Karin Hamre. Målet med samlinga var klart: Å få fleire kvinner inn i politikken, og å motverke tendensen til at personstemmer går til menn.

Blant initiativtakarane til møtet var Siri Sandvik, påtroppande varaordførar i Stad og kvinnepolitisk leiar i Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane. Etter kommune- og fylkestingsvalet i 2015 omtala ho kvinnerepresentasjonen i fylket som «ille». Av 26 ordførarar var berre fire kvinner.

Fire år seinare er fordelinga enda meir skeiv. Dei fire kvinnelege ordførarane har blitt til to. Og delen kvinnelege kommunerepresentantar ligg på staden kvil (høvesvis 39,4 prosent mot 39,3 prosent). På botnen er Fjaler, der berre fem av 23 representantar er kvinner.

Det same biletet finn vi att i Hordaland. Så langt er 31 av dei 37 ordførarane som er klare menn, noko som fekk Bergens Tidende sin kommentator, Frøy Gulbrandsen, til å skrive at «kjønnsbalansen er pinleg og provoserande» og at «den store valvinnaren i 2019 var verken Sp eller MDG, men mennene».

Men eitt tal skil seg ut. I nye Stad kommune er 16 av 33 kommunestyrerepresentantar kvinner. I Eid og Selje, som til saman utgjer Stad kommune, var kvinnerepresentasjonen etter valet i 2015 høvevis 31,0 og 42,9 prosent. Siri Sandvik set utviklinga i direkte samanheng med samlinga på Operahuset Nordfjord og eit «kontinuerleg arbeid» sida førige val:

– Vi har jobba strukturert og iherdig for at alle parti får begge kjønn representert på listene, seier ho, og fortel om «kryss ein kvinne»-kampanjen og eit tverrpolitisk fora der dei kvinnelege listekandidatane skal «bygge kvarandre opp».

– Eit mogleg symbol på satsinga er Wanja Lien, seier Sandvik, og viser til kollegen frå Høgre som via slengarar og tilleggsstemmer rykka opp frå 4.-plass til 2.-plass på vallista, og slik fekk plass i kommunestyret.

Ulike politikartypar

– No snakkar du med ein minoritet, seier Gunn Åmdal Mongstad i Sollund kommune.

Ho er ei av to kvinnelege påtroppande ordførarar i Sogn og Fjordane.

Henna eigen veg inn i politikken kom bardus på. Ho hadde aldri sett på seg sjølv som ein «politikartype», men i 2003 fekk ho ein telefon frå Senterpartiet. Kunne ho tenkje seg å stille til val? Ho nølte, men takka ja. Etterpå fekk ho ein ny telefon. Kunne ho like godt tenkje seg å vere listetopp? Ja, det kunne ho!

Mongstad meiner djupt forankra rolleforventningar om kven som er ein politikar og kva slags eigenskapar som kjenneteiknar han, står i vegen for at mange engasjerer seg.

– Eg trur dette er nøkkelen, seier ho.

– Vi må passe på å involvere også dei som aldri i verda hadde tenkt at dei var politikar. Eg ser det heile tida. Altfor mange definerer politikar som noko anna enn det de sjølv er. Slik går vi glipp av mange. Båe kvinner og menn. Men sikkert flest kvinner.

Ho trur også at mange vegrar seg for å gå inn i politikken fordi dei ser eit uforsonleg debattklima, prega av konfliktar og mistenkeleggjering.

– Eg trur tonen frå tv-debatten skremmer mange, seier ho, og minner om at politikken «trass alt» er ein meiningsfull og god plass å vere.

LES MEIR: Anne Kristin Førde, ordførar i Bremanger, meiner kvinnelege politikarar har lettare for å bli uthengde i sosiale medium, og at dette er med å forklare kvifor mange kvinner kvir seg for å gå inn i politikken.

– For seint når nominasjonsmøte byrjar

Kommunalminister Monica Mæland peika i fjor på nominasjonskomiteane og deira ansvar for å sette kvinner høgare opp på listene. Siri Sandvik er oppteken av arbeidet som startar før dette.

– Det er for seint når nominasjonsmøte byrjar. Om vi skal ha kvinner på topp, gjeld det å kome i gang tidlegare, seier ho.

Sandvik peikar på fire grep:

  • Kvinner må vere frimodige, melde seg på og takke ja til å førast opp på vallistene.
  • Partia må bevisstgjerast. Fleire kvinner i toppen sender eit tydeleg signal om prioriteringar og kven som er verd å satse på.
  • Veljarane må ta grep, ikkje berre overta nominasjonskomiteens innstilling. No er det for mykje slik at menn stemmer på menn; og for mykje at kvinner gjer det same. At dei også stemmer på menn.
  • Media må bli flinkare til å variere biletbruken. Eksponering i media er ein valuta i politikken som i altfor stor grad kjem menn til gode.

Lyst til å bli verande

Tilbake på institutt for samfunnsforsking har Signe Bock Segaard òg notert seg ein annan tendens: Ein kvinneleg politikar har nesten dobbelt så stor sjanse til å bli varaordførar som ordførar. I 2015 var 42,8 prosent av varaordførarane kvinner.

Samstundes viser studiar at sju av ti kvinnelege politikarar berre stiller til val ein gong, før dei trekk seg ut att. Slik kan kvinnerepresentasjonen vere eit dårleg mål på kor makta sit, meiner Siri Sandvik.

– Første periode er litt lærejente for alle, seier ho, om minner om at makt og erfaring heng nøye saman.

– Difor er ikkje dette berre ein kamp for å få kvinner inn. Det er like mykje ein kamp for å gje dei lyst til å bli verande, seier ho.