Berre to kvinnelege ordførarar i Sogn og Fjordane

17 av 18 ordførarar i Sogn og Fjordane er klare, og berre to av dei er kvinner: Anne Kristin Førde i Bremanger, og Gunn Åmdal Mongstad i Sollund.

Anne Kristin Førde i Ap-jakke

EIN JOBB Å GJERA: – Eg blir skuffa, seier påtroppande ordførar i Bremanger, Anne Kristin Førde. Ho er ein av berre to kvinnelege ordførarar i Sogn og Fjordane.

Foto: Privat

– Eg blir skuffa. Det må eg ærleg innrømma, seier Anne Kristin Førde, som også er leiar i LO sitt likestillingsutval.

Nedgangen er merkbar. Fire av 26 ordførarar var kvinner i det som var dei gamle kommunane i Sogn og Fjordane.

– Her har vi ein jobb å gjera. Det er heilt klart, seier ho.

Store variasjonar

Andelen kvinnelege kommunerepresentantar i dei ulike kommunane i Sogn og Fjordane er 39,3 prosent mot 39,4 prosent i 2015. Variasjonane mellom dei ulike kommunane er likevel store. I den eine enden av skalaen finn vi Fjaler med 21,7 prosent og Aurland med 23,5 prosent. I den andre enden Høyanger med 61,9 prosent og Stad med 48,5 prosent.

– Det er ikkje som vi hadde håpa på, seier Førde.

Ho gler seg likevel seg over at nokre av kommunane har hatt det ho kallar «ein fin auke» i talet kvinner i kommunestyra.

– Altfor dårleg

Kommunalminister Monica Mæland lanserte i fjor eit eige kommunebarometer, som viser kvinneandelen i kommunestyre og formannsskap – og kva for kommunar som har kvinneleg ordførar. Barometeret vart laga fordi tre av fire ordførarar er menn, noko Mæland omtala som «altfor dårleg i eit likestillingsland som Noreg».

Mæland peika den gongen på nominasjonskomiteane sitt ansvar for å spørje fleire kvinner, og for å sette dei høgare opp på listene.

Må spegla folket

Førde vert den fyrste kvinnelege ordføraren i Bremanger. Ho peiker på det same som kommunalministeren, og meiner god kjønnsbalanse er viktig av fleire grunner.

– For det fyrste er det viktig for tilliten til dei folkevalde organa og for legitimiteten til politiske avgjerder. Så handlar det om at dei folkevalde må spegla folket og samfunnet.

– I 2011 var åtte av tolv listetoppar til fylkestingsvalet i Sogn og Fjordane kvinner. «Look to Sogn og Fjordane», uttala Liv Signe Navarsete. Kva skjedde?

– Eg tenkjar at det heng saman med at politikarar fort vert uthengde i sosiale medium og at vi som kvinner lettare vert uthengde. Generelt sett vegrar kvinner seg meir for å komme i slike situasjonar.