Hopp til innhold

Politiet etterforskar framleis: 58-åring blei funnen død på badet etter fest

Det var fest på hotellet i Svelgen der ein 58 år gamal mann frå Litauen blei funnen død søndag. Politiet veit framleis ikkje om mannen har blitt utsett for noko kriminelt.

Flytande hotell i Svelgen

FLYTANDE HOTELL: Det vanlege hotellet i Svelgen har leigd inn dette flytande hotellet for å ta unna den store etterspurnaden etter overnatting i industribygda.

Foto: Seline Larsen / NRK

Den førebelse obduksjonsrapporten gir ikkje noko klart svar på dødsårsaka, men funn som blei gjort på staden gjer at politiet held alle moglegheiter opne. NRK erfarer at mannen blei funnen død på badet på hotellrommet han disponerte.

På det flytande hotellet bur det mange leigearbeidarar som er knytta til ulikt arbeid i Bremanger, blant anna Elkem og dei nye vindkraftturbinane. Den avdøde mannen var også i Svelgen på grunn av arbeid.

– Det er forhold rundt dødsfallet som politiet treng ei forklaring på. Undersøkinga held fram i håp om at vi snart skal få eit svar på det. Vi held fram med taktisk og tekniske undersøkingar og vitneavhøyr, seier politisjef i Bremanger, Espen Gulliksen.

NRK er kjend med at det var ein fest på hotellet laurdag kveld og natt til søndag. Den døde mannen skal ha vore på denne samlinga.

– Vi jobbar med å kartleggje mannen sine rørsler i detalj for å få klarheit i kva som har skjedd, seier Gulliksen.

Politiet held fram med teknisk og taktisk etterforsking. Mellom anna held dei fram med vitneavhøyr og rundspørjingar i den vesle industribygda. Politiet i Bremanger har mellom anna fått bistand frå kriminalteknikarar frå Bergen.