Hopp til innhold

5000 har vore innom Kystfestivalen i Kalvåg: – Har sett ut som ein småby

Svein Arild Vatsø i Aktiv Kalvåg er godt fornøgd med Kystfestivalen denne helga. – Det gjer noko med ein å sjå så mange her, seier han.

Kystfestivalen i Kalvåg

FOLKSAMT: Folketalet i Kalvåg har vore betydeleg høgare enn vanleg denne helga.

Foto: Vidar Furnes

Artistar som Åge Aleksandersen og Sigrid Moldestad har trekt folk til Kalvåg denne helga. Vatsø reknar med at det i alt har vore om lag 5000 besøkande innom festivalen. I hamna har det vore kring 180 båtar, medan bubilcampen har talt 210 bilar.

– Den største opplevinga har vore å sjå at det har vore så mange besøkande. Det er berre 450 fastbuande her, men denne helga ha det sett ut som ein småby, seier han.

På si Facebook-side takkar politiet i Bremanger for samarbeidet med festivalen. Utanom ein mann i 60-åra som vart sett i arresten for vald mot ein tenesteperson har det vore få nemneverdige hendingar denne helga.

– Vi er veldig fornøgde med gjennomføringa. Det har stort sett gått knirkefritt, sjølv om vi har hatt nokre få episodar med rus. Vi har hatt mange frivillige som har gjort ein god innsats, seier Vatsø, og peikar mellom anna på at festivalen rettar seg mot eit vakse publikum.

– Stort potensial

Vatsø seier også at festivalen har hatt økonomiske ringverknadar for bygda.

– Mellom anna har Spar-butikken hatt rekordomsetnad, og det har vore fullt på Knutholmen, seier han.

Kystfestivalen har vore mindre heldige med vêret enn fleire av dei andre festivalane i sommar. Vatsø meiner likevel at det kunne ha vore verre.

– På ein måte var vi litt heldige også, sidan det eigentleg var meldt dårlegare vêr enn det vart.

Ifølgje Vatsø ser framtida for Kystfestivalen lys ut.

– Eg trur dette er ein festival med stort potensial, seier han.

Åge Aleksandersen, Kystfestivalen i Kalvåg

ÅGE ALEKSANDERSEN: 2000 menneske var inne på festivalområdet då Åge Aleksandersen spelte fredag kveld.

Foto: Vidar Furnes