NRK Meny
Normal

Talet på skular i Klassequizen aukar stadig

Den 5. januar 2015 går startskotet for den tredje sesongen med Klassequizen. Då fristen gjekk ut hadde 31 av dei 47 ungdomsskulane i Sogn og Fjordane meldt seg på.

Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke

VANN I 2014: Laget til Davik oppvekst, som vann fylkesfinalen i 2014. Frå v. Stijn van Oorschot, Peder Midtbø Liseth og Håkon Bakke.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Det er ein skule meir enn i 2014, i startåret 2012/2013 var det 26 skular med i kunnskapstevlinga for 10. klassingar, arrangert av NRK.

Redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske i NRK Sogn og Fjordane er godt nøgd med påmeldingane.

– Det er veldig kjekt å sjå at så mange skular har meldt seg på. Det betyr at det er mange engasjerte og kunnskapsrike ungdommar som ynskjer å bryne seg.

I fjor var det Davik oppvekst som vann fylkesfinalen og fekk ta turen til Oslo og den tv-sende landsfinalen. Dei hadde som mål å kome mellom dei tre beste laga. Det greidde dei ikkje, men dei gjorde ein heiderleg innsats. Heilt til topps gjekk Halsa skule frå Møre og Romsdal.

Stine Kyrkjebø Johansen

GLER SEG: Stine Kyrkjebø Johansen skal reise rundt og stille 372 spørsmål til 31 lag.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Stine stiller spørsmåla

Dei to første sesongane var det Erlend Blaalid Oldeide som drog Sogn og Fjordane på kryss og tvers for å stille meir eller mindre intrikate spørsmål til 10. klassingane.

I 2015 blir det Stine Kyrkjebø Johansen som skal legge bak seg rundt 3000 kilometer for å nå fram til dei 31 skulane.

– Dette blir spennande, eg får store sko å fylle etter Erlend. Men eg gler meg til å møte mange skarpskodde 10. klassingar og høyre kva kunnskapar dei sit inne med.

Som i 2014 blir det gjort opptak av spørsmål og svar, og resultata får du høyre i ettermiddagssendingane måndag og onsdag og i morgonsendingane tysdag og torsdag.

Gloppen først ut

Første skule ut er Gloppen ungdomsskule 5. januar, sist ute er Vågsøy ungdomsskule 4. mars. Laga med flest poeng møtest til fylkesfinale (evt. seminfinalar), truleg i slutten av mars. Landsfinalen på NRK1 blir send laurdag 15. mai.

Då Davik oppvekst vann fylkesfinalen i 2014 var det med tre gutar på laget. Det vil ikkje skje i 2015, for no er reglane endra slik at alle lag må ha begge kjønn representerte.

Redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske håpar konkurransen kan vere med å motivere elevane til å lære endå meir om samfunnet rundt seg.

– Ikkje minst reknar eg med at dei vil halde seg oppdaterte på kva som skjer i nyheitsbiletet både lokalt og nasjonalt. I tillegg vil det jo vere ei ære å kunne representere Sogn og Fjordane i landsfinalen.

Roy Raasholm Fauske

- KJEKT AT SÅ MANGE BLIR MED: Redaksjonssjef Roy Raasholm Fauske.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser