Hopp til innhold

Kaos i butikkar med post: 300 000 julegåver ventar på å bli henta

STRYN (NRK): – Kom dykk til butikken og hent gåvene, er John Eckhoff i Posten Norge sin klare oppfordring. Pakkar som ikkje blir henta, skapar kaos i hyllene hjå post i butikk. Fleire hundre tusen gåver er enno ikkje henta til jul.

Linda Gran

FULLT: Posthyllene hjå Coop i Stryn er fulle, og dagleg kjem det påfyll med fleire pakkar.

Foto: Silje Kristin Guddal / NRK

– Eg veit at det er butikkar som har teke i bruk både lunsjrom og bøttekott for å få plass til pakkane, så det er berre å komme seg til butikken og hente julegåvene, seier John Eckhoff, pressesjef i Posten Norge.

Posten er inne i den travlaste månaden i året, med om lag fire millionar pakkar i omløp. Akkurat no ligg rundt 300 000 pakkar og ventar på å bli henta.

Lite plass i hyllene

Hjå Coop i Stryn er posthyllene fulle av julegåver. Dei er heilt avhengig av at folk hentar pakkane sine, for å få plass til nye leveransar.

– På måndag kom det åtte fulle postcontainerar. Vi tok dei inn i butikken og pakka ut etter kvart som folk kom for å hente, fortel Linda Gran som jobbar på Coop i Stryn.

Heldigvis er stryningane flinke til å hente julegåvene sine.

– Rundt lunsjtider kvar dag dei to siste vekene, har det vore kø ut døra med folk som kjem for å hente pakkar, fortel Gran.

Brukar posten som lager

– Nokon ventar litt i lengste laget med å hente pakkane. Vi skulle helst sett at dei henta pakka med ein gong, men nokon brukar posten som lager, slik at ikkje kjærasten eller barna skal oppdage kva som er kjøpt inn til julegåve, fortel Eckhoff.

John Eckhoff

PAKKAR BLIR LIGGANDE: John Eckhoff oppmodar alle om å komme å hente så fort dei har anledning.

Foto: Ingvill Tandstad / NRK

Ein annan grunn til at mange pakkar blir liggande, er at dei er sendt til feil adresse.

– Rundt ti prosent av posten i Norge er feiladressert. Det skuldast mellom anna at vi har fått nye postnummer og gateadresser. Men mange folk nyttar framleis almanakken frå 1995 og gløymer å oppdatere adressene. Det betyr forseinking i postgangen, forklarar han.