Hopp til innhold

30 prosent brot på arbeidsmiljølova i Sunnfjord

Det er ei auke på 7 prosent sidan i fjor. Størst svikt er det på manglande opplæring innan helse, miljø og tryggleik.

Ungdomssekretær Øyvind Møller i LO på kaia i Florø

OVERSIKT: Ungdomssekretær Øyvind Åsarmoen Møller sit på tala frå årets sommarpatrulje.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det er viktig å vite kva ein skal gjere om det brenn, og derfor er det viktig med opplæring, seier ungdomssekretær Øyvind Åsarmoen Møller i LO sin sommarpatrulje.

Patruljen har vore innom 380 bedrifter i fylket, der dei har gjennomført 451 intervju.

I undersøkinga fann dei 24,7 prosent brot på opplæring av nye arbeidstakarar, og innanfor fylket er Sunnfjord verstingen på dette punktet. Møller fortel at bedriftene som regel tek i mot korrigeringane frå patruljen med opne armar.

– Helse Førde måtte til dømes endre på brannrutinane sine. Det gjorde dei med ein gong, seier han.

Manglar kontraktar

På andreplass kjem mangel på kontraktar. Der fann dei 9,7 prosent brot.

– Nokre bedrifter syndar på kontraktar. Dersom du skal jobbe i inntil fire veker, skal du ha kontrakt på dagen. Skal du jobbe meir enn fire veker, skal du ha kontrakten innan fire veker.

LOs sommerpatrulje

BESØKER UNGE: LO sin sommarpatrulje har snakka med unge om arbeidsvilkåra deira i over 30 år.

Foto: Kristin Granbo / NRK

Dette kan vise seg å vere svært viktig for arbeidstakaren.

– Kontrakten er den einaste skriftlege dokumentasjonen du har på at du har rett til å jobbe der du jobbar. Blir du skada utan kontrakt, dekkjer ikkje Yrkesskadeforsikringa skaden din, seier han.

På dette punktet kom Nordfjord verst ut.

Gode på arbeidstid

– Bedriftene gjer det bra på pausevilkår og arbeidstider. Her er det berre rundt 2 prosent brot.

Det var også lite brot på overtid, og det vart ikkje funne eitt einaste avvik på svart økonomi.

– Det er vi veldig glade for, seier Møller.

– Veldig bra at bedriftene blir kontrollerte

Aina Rindheim har sommarjobb som reinhaldar på eit hotell i Florø. Ho har fått besøk av sommarpatruljen.

Stovejente Aina Rindheim og ungdomssekretær Øyvind Møller i LO

SOMMARVIKAR: Aina Rindheim (t.v.) er glad for at sommarpatruljen passar på.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Det var eit veldig hyggeleg intervju. Dei viste at dei brydde seg om oss, at det er viktig med arbeidskontraktar og at vi har det bra på jobb, seier ho.

Arbeidskontrakten hennar er i orden, men ho meiner det er mykje å halde oversikt over i arbeidslivet.

– Det er viktig at vi har dei rettane som vi skal ha, og at reglane blir følgt og at alt blir gjort på rett måte.