26 timar i bil for å komme heim

To karar frå Førde sette seg i bilen då flyet ikkje gjekk. Dermed har dei ein lang tur framføre seg.

Øystein Halbrend og Morten Engebø

LANG TUR: Øystein Halbrend og Morten Engebø har omlag 250 mil framføre seg.

Foto: Morten Engebø

For vulkanutbrotet på Island i går førde til ei oskesky som har lamma heile flytrafikken i Norge i dag .

– Ein enkelt val

Dagleg leiar Morten Engebø og serviceteknikar Øystein Halbrend i firmaet Nortronik hadde vore på jobb i Kirkenes og skulle ta flyet heim til Førde i dag tidleg.

– Vi fekk beskjed om at det ikkje var fly som kunne ta oss heim. Då var konklusjonen enkel: Vi leiger oss ein bil og køyrer heim, fortel Engebø.

Han seier at så lenge dei ikkje veit kor lenga oskeskya stoppar flytrafikken var køyreturen den einaste moglegheita.

– Vi kom til Kirkenes onsdag for å montere slokkeutstyr til den nye radaren til Avinor. No ville vi heim til til helga, difor valde vi denne løysinga.

Trur det er kjappare å køyre

Og det er eit godt stykke dei skal køyre. Dei trur det er om lag 2500 kilometer frå Kirkenes til Førde.

– Trur du at det kjappare å køyre den lange strekninga enn å vente på flyplassen skal opne att?

– Ja, slik det ser ut. for vi veit ikkje kor lenge flyplassane er stengd. Det kan fort ta nokre dagar og dermed var det enkelt ta ei slik avgjerd.

Vekslar på å køyre

Dei køyrer via Finland og Sverige til Steinkjer og Trondheim. Dei reknar med at turen tek om lag 26 timar.

– Vi satsar på å vere heime i tolvtida fredag. Vi starta klokka ti i dag, så det blir mange timar i bilen.

Engebø seier at dei satsar på å køyre non-stop ved at dei vekslar på køyringa.

– No køyrer eg i fire timar, og så har eg to timar på auge, medan Øystein køyrer. Så byter vi å på det igjen.

15 000 kroner

Å leige bilen kostar om lag 15 000 kroner. Dei to reknar med at utgiftene hadde blitt like høge om dei skulle overnatte på hotell fleire netter og skaffe seg nye flybillettar.

– De ville ikkje heller ha nokre ekstra dagar i Kirkenes?

- Nei, vi har såpass mange reisedøgn i jobben. Har vi moglegheita til å komme oss heim på ein grei og fornuftig måte, så vel vi heller det.

Fortel kvarandre skrøner

Og humøret er det ingenting å seie på.

– Åja, vi sit berre å ler av det heile. Det er berre tull og tøys og vi fortel kvarandre skrøner. Men eg skal i styremøte i bedrifta mi klokka to fredag, og er ikkje heilt sikker på kor opplagt eg er til det, ler han.

Har sove og ete godt

Og køyringa går som ein draum gjennom Finland.

– For oss som er vane med Vestlandsvegar er dette flott. Vi køyrer på E75 som har breie og fine vegar med skogar på kvar side.

– Men er de opplagde til å køyre så langt i eitt strekk?

– Åja, vi har sove godt og ete godt. I tilleg har vi jobba ilag med finnmarkingar som er eit fantastisk folkeslag. Det er berre moro kvar gong vi er der. Så vi har nok overskot til dette.

Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.
I Gloppen har alle skular fått sjakkbrett i gåve av sjakklubben. No vil klubben ha sjakk som valfag i skulen.
Aril Sande frå Nordfjord har vore mannskap på Siem Pilot i Middelhavet det siste året.