NRK Meny
Normal

23 framleis innlagde ved sjukehus

23 personar har i natt lege til observasjon ved sentralsjukehuset i Førde og ved sjukehuset i Lærdal på grunn av skadar etter brannen.

Førde sentralsjukehus

MANGE INNLAGDE: Mange av dei som blei skadde i brannen i Lærdal, blei overflytta til Førde sentralsjukehus.

Foto: Øystein Tveiten

Totalt har rundt 450 personar kontakta sjukehuset i Lærdal. Om lag 140 har blitt sjekka av lege, dei fleste med røykskadar etter brannen som herja natt til søndag.

– Vi har no tre innlagde pasientar og rundt 20 i Førde. Vi reknar med at fleire av dei blir utskrivne i løpet av dagen, seier kommunikasjonssjef Terje Ulvedal i Helse Førde.

Han seier det er snakk om lettare skadar og at ingen har blitt alvorleg skadde i brannen. Ulvedal seier det har vore eit hektisk og dramatisk døgn.

– Rundt 450 personar har vore i kontakt med sjukehusa, av dei har 140 personar blitt undersøkte. Den store pasientstraumen har vore ei utfordring, det ville det vore for eit stort sjukehus også.

Rørt over innsatsen

Kommunikasjonssjef Terje Ulvedal seier han er imponert over måten sjukehuset i Lærdal har handtert situasjonen på.

– Eg blir heilt rørt når eg snakkar om det. Folk har stilt opp og komme på jobb. No blir det truleg ei evaluering etter hendinga, men slik det ser ut no, har sjukehuset gjort ein strålande innsats.

Må liggje med oksygenmaske

Kjell Hiller er ein av dei som søndag kveld låg med oksygenmaske på Førde sentralsjukehus. Han er ein av dei som måtte få behandling etter å ha prøvd å sløkkje brannen i Lærdal. Gjennom maska får han oksygenmaska godt for å reinse opp lungene.

– Eg har svelgt ein del røyk, difor ligg eg her med maska for å reinske lungene mine, seier han. Måndag føremiddag veit ikkje Hiller om han blir utskriven i dag.

Fire personar har fått behandling på sjukehuset på Voss som følgje av brannen i Lærdal. Sundag kveld var alle desse utskrivne.

Han ble innlagt på Førde sentralsjukehus etter brannen i Lærdal, men har ihvertfall et hus å komme hjem til.

SJÅ VIDEO: Kjell Hiller fortel frå sjukesenga ved Førde sentralsjukehus om den tragiske brannen. Foto: Johan Moen – reporter: Tone Lin Støfring