Hopp til innhold

På fem dagar er 22 hjortar påkøyrde

Sidan måndag denne veka har politiet i Sogn og Fjordane fått melding om 22 hjortepåkøyrslar.

Hjort

PÅKØYRDE: Mange hjortar har blitt påkøyrde dei siste dagane.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Tysdag og torsdag var dei verste dagane med åtte påkøyrde hjortar. Til no i dag er det meldt om to påkøyrde hjortar, ein mellom Håbakken og Lærdalsøyri i Lærdal og ein i Askvoll.

Leiar Rune Indrebø i viltnemnda i Høyanger meiner bilistane bør køyre ekstra forsiktig visse tider på døgnet.

Rune Indrebø

– SET NED FARTEN: Leiar Rune Indrebø i viltnemnda i Høyanger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Dei bør vere særleg påpasselege i skyminga om kvelden, frå det tek til å mørkne og til i 21-22-tida, for då kryssar hjorten bøane. Og når det tek til å lysne om morgonen skal dei heim att, og då bør bilførarane også vere ekstra vaktsame.

Minimalt med sjanse til å stanse

Indrebø seier at dersom folk kjem køyrande i t.d. 80 kilometer i timen så har dei minimalt med sjanse til å bremse opp dersom ein hjort eller fleire kryssar vegen.

På enkelte vegstrekningar med ny og god veg er det ekstra stor risiko for kollisjon mellom hjort og bil. Eit døme på det er den nye strekninga på E39 Vadheim-Lavik mellom Norevik og Torvund.

Der kryssar hjorten vegen rett utanfor vestenden av Noreviktunnelen, og når bilistane kjem ut i mørket etter å ha køyrt i den godt opplyste tunnelen er det vanskeleg å sjå dyra før det er for seint.

Sidan nyevegen vart opna i desember 2012 er 20 hjortar påkøyrde på staden.

Hjort

KJEM BRÅTT PÅ: Hjorten kryssar vegane om kvelden og om morgonen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Ikkje berre der det er hjorteskilt

Han åtvarar mot å tru at det ikkje kan kome hjort der det ikkje er skilta med hjortefare.

– Det kan skje overalt der hjorten kan kome nedpå vegen, det er ikkje godt å stenge dei ute, då må vi ha hjortegjerde frå A til Å.

– Så det viktigaste rådet til bilistane med dei snøtilhøva som er no er rett og slett å slakke av på farten – særleg på dei tidene på døgnet du nemner?

– Moderat fart no i vinterhalvåret er alfa og omega både for hjorten og dei som skal ferdast på vegane.