NRK Meny
Normal

21-åring imponerte i Stoltzekleiven

– Det gjekk bra. Med personleg rekord og tredjeplass, så er vel dette nesten maksimalt, gliser Erlend Eide frå Sandane.

Erlend Eide på pallen.

PALL: Erlend Eide imponerte stort med tredjeplass i Stoltzekleiven Opp i Bergen.

Foto: Dag-Arne Eide

Laurdag imponerte 21-åringen stort då han la bak seg dei aller, aller fleste av dei 700 konkurrentane i klassa si under Stoltzekleiven Opp i Bergen.

Glopparen kom i mål til tida 8:43, noko som er ein personleg rekord med 18 sekund frå i fjor. Han var tredje raskast av mennene og var til slutt nummer tre.

– Det gjekk over all forventing. Eg hadde håpa på å ligge på same nivå som i fjor, og sikta meg inn på topp ti-plassering, seier Erlend Eide, som konkurrerer for Eidsfossen Sykkel.

Gjensyn på pallen

Thorbjørn Ludvigsen (BFG Fana) vann klassa med tida 08:25, med Stian Hovind-Angermund (Varegg) på andreplass. Eide var berre tre sekund frå sølvplassen.

Dermed var det same trio som under Trappeløpet i Høyanger tidlegare i vår. Berre at då var det Eide som sette konkurrentane på plass .

– Eg tok mykje innpå Hovind-Angermund på slutten, og det var litt surt å ikkje klare å ta han att. Men eg hadde ikkje så mykje meir å ta ut, seier 21-åringen.

– Det var tungt heile vegen, men eg kjende meg i bra form. Eg hadde ei god kjensle undervegs på at det kunne bli ny personleg rekord, legg han til.

– Gir meirsmak

Eide har sidan suksessen i Høyanger blitt nummer ti på Skåla opp, og nummer 27 under Birkebeinerrittet på sykkel. Han satsar ikkje for fullt på motbakkeløpa, men skildrar seg sjølv om ein person som likar å halde seg i form.

Stoltzen har han ikkje fått høve til å tjuvtrene i. Den kring 910 meter lange løypa har ein stigning på 313,5 meter, og går over kring 800 trappetrinn. Stigninga i løypa er på 34,5 prosent.

– Eg har delteke tre gonger her, og det er dei einaste gongane eg har prøvd meg på Stoltzekleiven. Og du finn ikkje noko som er tilsvarande rått på Sandane, men det blir jo til at ein prøver å finne litt trapper kring om å trene i, seier han.

Gode plasseringar

– Når det går så pass bra som i dag, så gir det meirsmak. Men satsinga blir nok som før, på hobbybasis, legg han til.

I tillegg til Eide vart det fleire gode plasseringar i dei ulike klassane for deltakarar frå Sogn og Fjordane. Geir Øygard (Jølster) vart nummer to i klassa for menn 45-49 år. Same plassering gjekk også til Norunn Stavø (Florø) i klassa for kvinner 55-59 år.

Odd Arild Løseth (Høyang) vart nummer tre i klassa for menn 40-44 år, medan Solveig Svardal (Eikefjord) vart nummer tre i klassa 60-64 år.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.