Hopp til innhold

2000 protesterer mot sjukehuskutt

2000 fagorganiserte frå indre Sogn krev at Helse Førde gjer om vedtaket om dramatiske kutt ved ortopediklinikken i Lærdal.

Samstundes ber dei om at den forsterka fødestova i Lærdal blir oppgradert til fødeavdeling og at fødeavdelinga ved sjukehuset på Nordfjordeid vert sikra. Dei organiserte i Fagforbundet ber også Stortinget avklare kva som ligg i omgrepet fullverdig sjukehustilbod.