NRK Meny
Normal

200 klagar på eigedomsskatten

Over 200 skatteytarar i Vågsøy klagar på innføringa av eigedomsskatten, skriv Finansavisen.

Måløy sentrum
Foto: Ottar Starheim / NRK

Mellom anna har Skattebetaleforeningen oppmoda fok om å klage på skatten fordi skatten skal ha kome for seint.

Foreininga meiner innbyggarane fekk beskjed om eigedomsskatt alt for seint og reknar skatten som ulovleg.

Sivilombodsmannen har i etterkant sett på saka og kome til at skatten ser ut til å vere lovleg.

Vågsøy valde å innføre eigedomsskatt på grunn av dårleg kommuneøkonomi. Kommunen gjekk uavhengig av Tall Ships races underskotet på 15 millionar med 10 millionar i underskot i 2008.

Også Finansdepartementet vil granske eigedomsskatten i Vågsøy.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser