Hopp til innhold

Departementet granskar Vågsøy

Finansdepartementet vil granske eigedomskatten i Vågsøy.

Måløy
Foto: Ottar Starheim / NRK

Skattebetalerforeningen meiner innbyggarane fekk beskjed alt for seint og reknar skatten som ulovleg .

Skattesetlar om kor mykje eigedomskatt ein må betale vart sende ut til innbyggarane i juli. Skatten skal i fylgje Finansdepartemenetet etter lova vere ferdig berekna før innan utgangen av juni.

Spørmålet som juristane i departementet vil sjå nærmare på er betydninga av at skattesetlane med utrekning av skatten først vart sendt ut til innbyggarane månaden etter. Dei vil derfor fyrst ta kontakt med Vågsøy kommune opplyser Finansdepartementet til NRK.

Vågsøy valde å innføre eigedomsskatt etter Tall Ships Races-underskotet på 15 millionar kroner.