Hopp til innhold

Han viser fram ein av 20 minnesteinar som vart reiste i 1914

Rundt om i Sogn og Fjordane står det 20 høgreiste minnesteinar, alle reiste og avduka 17. mai 1914. I dag, 100 år etter, er mange av dei lite påakta og treng sårt å bli sette i betre stand.

Hermund Kleppa

EIN AV 20 MINNESTEINAR: Denne sju meter høge steinen vart reist av bygdefolk i Fardal i Sogndal, seier Hermund Kleppa.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Sommaren 1814 var det ein kortvarig krig der svenske styrkar inntok store delar av Østfold og Hedmark før kong Christian Frederik kapitulerte. Både i denne krigen og i Napoleonskrigane var det soldatar frå vårt fylke med.

For 100 år sidan vart det reist ei rekkje minnesteinar over krigsinnsatsen deira, mellom anna står det ein sju meter høg stein i Fardal i Sogndal kommune. Tidlegare tilsett i Fylkesarkivet, no pensjonist Hermund Kleppa, har interessert seg for desse steinane.

Krigsminne på Svorstøl i Naustedalen

SVORSTØL I NAUSTEDALEN: Denne steinen er til minne om brørne Anders og Simon Svorstøl som deltok i krigen 1807-1814. Anders fall i desse kampane.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Denne steinen i Fardal vart reist og avduka 17. mai 1914. Det var eit bygdeprosjekt, det var fleire som gjekk saman. Dei fann ein eigna stein, fekk han frakta og sett opp her.

På steinen står det at han er «til minne om dei nører som var med i krigen 1807-1814».

Klart flest steinar i Sogn

I alt finst det 20 slike minnesteinar i Sogn og Fjordane, tre i Nordfjord, fire i Sunnfjord og klart flest i Sogn, 13 i talet. Dei fleste vart reiste til grunnlovsjubileet i 1914, med andre ord var det stor aktivitet i mange bygder for å heidre dei som var med i krigen vel 100 år tidlegare.

– Fram mot grunnlovsjubileet i 1914 var dette ei form for jubileumstiltak, ikkje minst takka vere Henrik Angell . Han var kaptein og var ein for si tid godt kjend mann, han var ein ivrig norskdomsmann, han ivra for skiidrett. Eg kan nemne at han var den første nordmannen som vart vald inn i den internasjonale olympiske komiteen.

Angell ivra sterkt for at det måtte reisast minnesteinar i 1914. Han reiste rundt og heldt oppglødde talar, og han kom med sterke appellar i avisene. «Reis bautasteinar!» stod det med store overskrifter.

– Og han skreiv at folk for all del måtte skrive på norsk.

«...og stein er det nok av»

Eit par stader i Sogn, i Lærdal og i Årdal, var det alt kome opp minnesteinar, på Lærdalsøyri over det Leirdalske kompani og på Årdalstangen over løytnant Hans Sørensson Lem . Henrik Angell skreiv eit stykke i Sogns Tidende 30. januar 1914 og viste mellom anna til desse minnesteinane. Han mana folk i fleire bygder til å minnast soldatane på same måten.

Minnestein i Fardal i Sogndal

HØG, MEN VEKKGØYMD: Minnesteinen i Fardal er sju meter høg, men har kome i bakleksa etter vegomlegging.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

«Tyngre tak hev ingen teke fyr Norig enn hine som fraus og svalt i dei lange ufredsåri - anten dei laag paa grensa eller paa festningar eller maatte manna kanonbaatar og skansar....Enno er det tid, og stein er det nok av.»

Dei fleste av minnesteinane vart avduka den 17. mai 1914 med høgtidelege seremoniar, også i Fardal, fortel Kleppa.

– Dei gjekk i tog frå Nygard skule i Øvstedalen ned hit. Det var Jakob Holen, eg trur han var lærar, som heldt tale og avduka steinen. Det var eit par andre talar også.

Bortgøymd og medteken

Minnesteinen i Fardal står ved det som i 1914 var ferdslevegen i bygda, i dag er steinen nokså bortgøymd sjølv om riksveg 55 går berre nokre meter unna. Og denne lagnaden deler steinen med mange av dei andre minnesteinane rundt om i fylket.

Hermund Kleppa meiner dei må trekkjast fram i lyset att no når det snart er 200 år sidan 17. mai 1814.

Minnestein på Plassen på Nordfjordeid

EIN AV MINNESTEINANE: På Plassen på Nordfjordeid står denne minnestøtta over soldatar som var med i krigen 1807-1814.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Dei er er i stor utstrekning gløymde, så eg tykkjer at eit grunnlovsjubileum som vi er inne i no kan vere eit godt høve til å få desse steinane fram i lyset att. Her i Fardal er innskrifta på steinen nesten usynleg, så nokon burde gå over med litt måling. Og den 17. mai bør toget ta vegen om minnesteinen.

Her står minnesteinane

Er du interessert i kvar minnesteinane står, så finn du det her:

Minnesteinar over Eidsvollmenn: Garden Stødno i Lærdal (P. Hjermann), den gamle gravstaden i Solvorn (L. Irgens), Stedje kyrkje i Sogndal (N. Loftesnes) og Alværa aust for Lavik (O. E. Holck). Utanfor fylket: Borgund kyrkje i Ålesund (N. Nielsen).

Minnesteinar over krigsinnsats 1807-1814: Ved kyrkja i Randabygda i Stryn kommune, bautastein på Plassen på Nordfjordeid, ved Ålforen kyrkjei bremanger kolmmune, Antonshogen på Svorstøl i Naustedalen, på Berrvellene i Naustdal sentrum, Årdal i Jølster, Lyngneset i Dvergsdalen i Jølster, ved kyrkja i Holmedal, Storekleivi i Fardal i Sogndal kommune, Lægreidsplassen i Sogndal sentrum, ved Hafslo kyrkje og ved Solvorn skule i Luster, på Årdalstangen to minnesteinar, ein inne på kyrkjegarden over Dannebrogsmannen Hans Lem og ein like utanfor kyrkjegarden over årdøler i ufredsåra 1807-1814, på Lærdalsøyri bautastein over Leirdalske lette infanterikompagni, på garden Flæte i Fresvik minnestein over dannebrogsmannen Anders Ølmheim Flæte og ein bautastein ved Fresvik kyrkje.

I tillegg er det ein minnestein ved eldresenteret i Dale i Luster over Henrik Angell, som tok initiativ til mange av desse minnesteinane.