Hopp til innhold

To av fem Eidsvoll-utsendingar hadde Sogndal som heimeadresse

Mellom dei fem Eidsvoll-utsendingane frå vårt fylke, eller amt som det heitte den gongen, kom to frå Sogndal.

Irgens/Loftesnes-montasje

STASELEG HUS: Lars Johannes Irgens (innfelt) bygde dette huset, Christiannelyst, i Solvorn. Innfelt til venstre minnestøtta over Nils Johannesson Loftesnes ved Stedje kyrkje i Sogndal.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Den eine var mellom dei tre som vart valde som utsendingar frå Nordre Bergenhus Amt. Det var sorenskrivar Lars Johannes Irgens . Den andre var Nils Johannesson Loftesnes , ein 25 år gamal soldat, som vart vald som utsending frå Bergenhusiske Regiment.

Lars Johannes Irgens

MØTTE PÅ EIDSVOLL: Lars Johannes Irgens.

Lars Johannes Irgens var fødd i 1775, han var presteson, og han kom til Sogn som sorenskrivar i 1802, 27 år gamal. Han budde i Sogndal til 1816, då han flytta til Solvorn.

– Vi veit at han vart gravlagd ved den gamle kyrkja i Solvorn. Der står det ein stor jernkross med namnet hans på. Vi veit og at Hafslo kommunestyre la ned krans ved denne krossen den 17. mai 1914, seier Hermund Kleppa, tidlegare tilsett i Fylkesarkivet, og som har skrive fleire artiklar om 1814.

Indre Sogn overrepresentert

I Solvorn bygde Irgens eit stort og flott hus som han kalla Christiannelyst etter kona si. Det står der framleis. Kvifor Irgens vart vald til utsending finst det ikkje skriftlege kjelder på, seier Hermund Kleppa, som har skrive fleire artiklar om det som skjedde rundt 1814.

– Vi veit ikkje anna enn at det mellom utsendingane skulle vere ein bonde (det vart Peder Hjermann frå Lærdal), dei to andre kunne vere frå embetsverket. Irgens var sorenskrivar og knytt til det juridiske apparatet. Og så budde han i indre Sogn, og då vart det langt kortare veg til Eidsvoll enn om han til dømes hadde budd på Stadlandet.

Og det kan vere eit poeng, for det tok tid å reise så langt på den tida, og då utsendingane vart valde i Vik 30. mars hadde dei berre eit par veker på seg til forhandlingane starta på Eidsvoll i midten av april. Det kan vere ein viktig grunn til at indre Sogn var overrepresentert.

Sorenskrivarhuset i Solvorn

BYGDE DETTE HUSET: Lars Johannes Irgens fekk reist dette flotte huset i Solvorn.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Tok ordet om røysterett

Irgens var ikkje nokon sentral person i arbeidet med grunnlova, men han tok ordet éin gong, fortel lokalhistorikar Jan Anders Timberlid.

Minnestøtte Nils J. Loftesnes

MINNESTØTTE: Ved Stedje kyrkje i Sogndal står denne minnestøtta over Nils Johannesson Loftesnes.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Han tok ordet i samband med røysteretten. Dei som skulle få røysterett var dei som eigde jord og dei som hadde ei viss inntekt av handel i byane. Irgens ville at dei som dreiv med handel på bygdene også skulle få røysterett. Dette nådde ikkje fram, men her ser vi at han var synleg i forhandlingane.

Skyssa innatt Wergeland

Den andre med adresse Sogndal på Eidsvoll i 1814 var Nils Johannesson Loftesnes (1789-1848). Han var bonde og musketer, og han vart vald som utsending frå militærregimentet han då var i, Bergenhusiske Regiment.

Ved Stedje kyrkje i Sogndal står det ein minnestein over han, reist i 1914. Det er ikkje registrert at han tok ordet på Eidsvoll utanom ved røystingane, men namnet hans finst likevel i referata, fortel Timberlid.

– Nicolai Wergeland (faren til Henrik Wergeland) var ute i ein pause. I kampens hete vart han skyssa innatt av menig Nils Loftesnes, med «myndig hånd». Det er det vi har sett av han, noko verbalt frå han har vi ikkje funne.

– Men han var ein svært ung mann i 1814, og vi skal ikkje vente at folk frå bondestanden hadde så mykje dei skulle ha sagt i det selskapet. Det var ei veldig eksklusiv forsamling på Eidsvoll.

Eidsvollbygningen

EKSKLUSIV FORSAMLING: Mellom dei som møtte til grunnlovsforsamlinga på Eisvoll måtte dei fleste representantane frå bondestanden spele andrefiolin.

Foto: Anikken Mihle / NRK