Hopp til innhold

– Kampen for mat var viktigare for folk enn det som skjedde på Eidsvoll i 1814

I åra rundt 1814 hadde dei aller fleste på våre kantar meir enn nok med å brødfø seg. Arbeidet med å gje landet ei grunnlov var noko eit fåtal var opptekne av, seier lokalhistorikar Jan Anders Timberlid.

Jan Anders Timberlid

- NAUDSÅR: Lokalhistorikar Jan Anders Timberlid seier at dei fleste hadde nok med å brødfø seg i 1814.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det som no er Sogn og Fjordane fylke heitte på den tida Nordre Bergenhus Amt, det var lenge før vi fekk fast ruteferdsel på fjordane, med andre ord var det svært tidkrevjande og tungvint å ta seg fram. Og dei fleste hadde korkje tid til eller trong for å reise ut av si eiga bygd.

– Dersom vi skal bruke moderne målestokk på det så var det eit fattig samfunn, dei fleste var husmenn, småbrukarar og bønder. På kysten var det mest fiskarbønder.

Og som om folk ikkje hadde det strevsamt nok frå før, så var det i desse åra krig med blokade av landet vårt. Det gjorde at vi ikkje fekk innført korn, og i dei bygdene der det ikkje var vilkår for å dyrke korn vart det smått med mat på bordet, seier Timberlid.

– Det var naudsår, rett og slett. Det var kornmangel, og i nokre austlandsbygder var det svolt.

I ein serie artiklar skal vi i dagane framover sjå på kva rolle folk frå vårt fylke spelte før, under og etter grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll i 1814. I denne første artikkelen går vi inn på korleis det stod til på våre kantar for 200 år sidan.

Lærdalsøyri

EIT FATTIG SAMFUNN: Denne teikninga viser Lærdalsøyri i 1846.

Mest klassedelt i Sogn

I Sogn var samfunnet meir klassedelt enn i resten av amtet, det var rike godseigarar, prestar og andre embetsmenn og nokre relativt velståande bønder på den eine sida, og fattige småbrukarar og husmenn på den andre sida. I Sunnfjord og Nordfjord var skilnadene mindre, fortel Timberlid.

Mange unge menn frå amtet hadde desse åra vore ute i krig mot Sverige. Den enda i januar 1814 med Kielfreden, der danskekongen Frederik den sjette vart tvinga til å gje frå seg Norge til Sverige.

Det fall sjølvsagt ikkje i god jord, og mange nordmenn tok til å arbeide for ein sjølvstendig norsk stat. Ein stat må ha ei grunnlov, og difor gjekk det ut bod om at kvart amt måtte velje utsendingar til ei grunnlovsforsamling på Eidsvoll, fortel Timberlid.

– Dette fekk dei beskjed om i mars 1814. Det vart kalla inn til møte, det første var i Gulen 11. mars, i alle dei andre prestegjelda var det 18. mars. Der skulle det veljast utsendingar til ei valforsamling som så skulle velje tre representantar til Eidsvoll-forsamlinga i april.

Nordfjordeid i 1871 - teikning

LANGT MELLOM HUSA: Denne teikninga av Nordfjordeid frå 1871 syner at det langt frå er ein tettstad på 1800-talet. Eid kyrkje til høgre vart bygd i 1849.

– Noko heilt nytt

Dette var ei historisk hending. For første gong kunne folk utanom embetsstanden ha ein påverknad.

– Dette er noko heilt nytt. Til då hadde det vore eit elitestyre der embetsmennen hadde dominert. Folk hadde vore med på litt, som skulekommisjonar og fattigkommisjonar, men det var i hovudsak folk som var utpeikt av embetsmenn, som regel presten.

Kvart prestegjeld skulle velje to utsendingar til eit møte i Vik, og desse skulle igjen velje tre personar - eller rettare sagt menn - som skulle ta turen til Eidsvoll. Men det var slett ikkje alle som fekk vere med på vala.

– Husmenn vart kutta ut. Vi kan seie at dei som fekk vere med på å bestemme var mannfolk frå bondestanden over 25 år, handelsmenn og embetsmenn, seier lokalhistorikaren.

Tycho Jæger: Førde 1852

FØRDE PÅ 1800-TALET: Slik såg det ut i Førde i 1852. Kyrkja vi ser vart bygd i 1839. I 1814 var det ei stavkyrkje bygd på 1600-talet på same staden. Dagens Førde kyrkje vart bygd i 1885. Måleri av Tycho Jæger.

Foto: © Blomqvist Kunsthandel

Om alle som vart valde frå prestegjelda var skriveføre er usikkert. For på fullmaktene dei fekk med seg er det ei blanding av eigne underskrifter og underskrifter «med påholden penn», dvs at andre hadde skrive under for dei.

– Eg har sett litt på desse underskriftene. Det ser ut til at det er litt tillaga frå prestane si side. I nokre samanhengar ser vi at presten skriv for folk, i andre samanhengar skriv folk sjølve.

– Dei greidde å krote ned si eiga underskrift, men noko meir skreiv dei neppe, for skulle du skrive med fjørpenn måtte du ha ei «pen» hand. Folk med hardt fysisk arbeid hadde ikkje den finmotorikken som skulle til.

42 utsendingar i Vik

Det var 42 utsendingar som møtte på Vange i Vik den 30. mars 1814, av desse var så mange som 26 bønder. Dei valde tre utsendingar, bonde Peder Pederson Hjermann frå Lærdal, sorenskrivar Lars Johannes Irgens frå Solvorn og presten Niels (Nicolay) Nielsen frå Holmedal (seinare busett i Eid).

Vi veit lite om kva som vart lagt til grunn ved valet av desse tre, seier Jan Anders Timberlid. Det historiske materialet er rett og slett for spinkelt.

– Det er folk som vi kanskje kunne ha rekna med ville ha blitt valde, men som ikkje vart det, til dømes haugianarar, som det var ein del av i Sunnfjord og indre Sogn på den tida.

Niels Griis Alstrup Dahl-bauta i Eivindvik

IKKJE TIL EIDSVOLL: Sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl var ein mann Timberlid ville ha venta vart vald til grunnlovsforsamlinga.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Framståande prestar vart heime

Jan Anders Timberlid undrast også på kvifor den svært aktive soknepresten i Gulen, Niels Griis Alstrup Dahl , ikkje vart vald.

– Han var ein svært framtredande person i ulike ordskifte, sameleis presten i Lærdal, Ulrik Bøyesen. Preika hans frå bededagen den 18. mars var eit flammande innlegg for at vi skulle rive oss laus frå Sverige. Men han vart ikkje vald. Så det er ein del ting som gjer at vi ikkje veit kvifor folk vart valde.

I tillegg vart to menn frå amtet valde til å representere Bergenhusiske Regiment, Ole Elias Holck frå Lavik og Nils Johannesson Loftesnes frå Sogndal. Med andre ord ein frå Sunnfjord, ingen frå Nordfjord og fire frå Sogn.

Knapp tid

Dei tre som vart valde frå amtet vart altså valde den 30. mars, og då hadde dei nokså knapp tid på seg til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll starta i midten av april.

– Når vi tenker på kommunikasjonane på den tida så er det imponerande at dei greidde å kome seg så fort av garde. Dei måtte først til Lærdal, og så over Filefjellet og til Eidsvoll. På den årstida var det sikkert både snø og sørpeføre på turen, så dei trengde tida.

Maristova med Kongevegen 1800-tal

HER GJEKK DEI: Kongevegen ved Maristova på Filefjellet slik det såg ut seint på 1800-talet.

Foto: K. Knudsen / Billedsamlingen-UBB