Hopp til innhold

1814 i Sogn og Fjordane - alle artiklane

I ein serie artiklar har vi i NRK Sogn og Fjordane sett nærare på det som skjedde i Nordre Bergenhus Amt i 1814 - året som seinare har vore kalla Annus mirabilis - vidunderåret.

Riksforsamlingen på Eidsvoll av Oscar Arnold Wergeland

VIDUNDERÅRET 1814: Grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll. Måleri av Oscar Arnold Wergeland.

Foto: Wikimedia Commons

Det er skrive i alt sju artiklar - om forspelet til det som utspelte seg på Eidsvoll 10. april til 17. mai for 200 år sidan, om dei som representerte oss på Eidsvoll og kva rolle dei spelte.

Folk hadde nok med å brødfø seg

1. I åra rundt 1814 hadde dei aller fleste på våre kantar meir enn nok med å brødfø seg. Arbeidet med å gje landet ei grunnlov var noko eit fåtal var opptekne av, seier lokalhistorikar Jan Anders Timberlid.

Huset som skjuler ei viktig historie

2. Eit kvitmåla bustadhus i Vik løyner ei viktig, men for mange ukjend historie. For 200 år sidan møttest nemleg valmenn frå heile fylket her for å velja utsendingar til riksforsamlinga på Eidsvoll.

Holck ville ha sterkt monarki

3. Av dei fem frå vårt fylke som var med på grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll var det utan tvil Ole Elias Holck (1774-1842) frå Lavik som gjorde seg mest gjeldande.

Kongevenleg og respektert utsending

4. På garden Stødno i Lærdal står det ei minnestøtte over Eidsvoll-mannen Peder S. Pederson Hjermann (1754-1834). Han var den einaste bonden av dei tre som vart valde til å representere Nordre Bergenhus Amt då grunnlova skulle lagast.

To Eidsvoll-menn frå Sogndal

5. Mellom dei fem Eidsvoll-utsendingane frå vårt fylke, eller amt som det heitte den gongen, kom to frå Sogndal. Det var Lars Johannes Irgens og Nils Johannesson Loftesnes.

Høgstemt appell frå Eidsvoll-prest

6. Soknepresten Niels Nielsen var ein av tre utsendingar frå Nordre Bergenhus Amt til Eidsvoll-forsamlinga. Han tok aldri ordet på Eidsvoll, men han hadde i mars same året ein svært høgstemt appell i ei adresse til regenten, prins Christian Frederik.

20 minnesteinar reiste i 1914

7. Rundt om i Sogn og Fjordane står det 20 høgreiste minnesteinar, alle reiste og avduka 17. mai 1914, til 100-årsjubileet for grunnlova. I dag, 100 år etter, er mange av dei lite påakta og treng sårt å bli sette i betre stand.

Per S. Hjermann

ETTERKOMAR: Eidsvollmannen Peder S. Pederson Hjermann er tipp-tipp-tippoldefar til dagens eigar på Stødno, Per S. Hjermann.