Hopp til innhold

Pasientar må ut og vinke til ambulansen

FØRDE (NRK): Fleire norske kommunar har framleis ikkje vegadresser. I verste fall går det på helsa laus dersom naudetatane må bruke tid på å leite seg fram til rett stad.

Helene Sæterdal

VIKTIG MED VEGADRESSER: Helene Sæterdal ved AMK i Førde ventar på at alle kommunane i Sogn og Fjordane skal få gatenamn og husnummer.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– I naudsituasjonar kan det få helsemessige konsekvensar for pasientane dersom vi må bruke ekstra tid på å finne fram, seier Helene Sæterdal, seksjonsleiar ved akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Førde.

Denne sentralen dekkjer heile Sogn og Fjordane, med unntak av Gulen. I dette området har berre halvparten av alle stader eiga vegadresse, og fem kommunar står heilt utan.

– Det er viktig å ha vegadresser når vi skal finne ut kvar ein pasient er. Nå jobbar vi mykje med å finne gards- og bruksnummer, noko folk ikkje alltid hugsar sjølve. Det er mykje enklare å finne fram når vi har ei gateadresse.

Helene Sæterdal

ENKELT Å FINNE FRAM: Helene Sæterdal plottar inn ei adresse på GPS-en i ambulansen.

Foto: Sigrid Sørumgård Botheim / NRK

– Har de nokon gong hatt problem med å finne fram?

– Ja, det skjer fleire gonger i året. Når folk ikkje greier å forklare kvar dei er og vi ikkje har gateadresse, tek det lenger tid for oss å koma fram til rett stad. Dersom vi ikkje får ei forklaring frå innringar eller har gards- og bruksnummer, må vi få hjelp frå politiet. Eller så må vi få folk til å gå ned til vegen og vinke til ambulansen når han kjem, fortel Sæterdal.

Eit viktig samfunnsoppdrag

Da Kartverket begynte å arbeide med vegadresseprosjektet i 2011, mangla heile 85 kommunar adresser fullstendig. Seks år seinare står framleis 18 kommunar utan, og fagansvarleg for adresser i Kartverket, Inger Margrethe Kristiansen, vil ikkje gje seg før vi har eit eintydig adressesystem i heile landet.

– I eit samfunnsperspektiv er vegadressering utruleg viktig, og kanskje mykje viktigare enn mange tenkjer over til dagleg. Fleire og fleire samfunnsoppgåver blir sentraliserte, og da forsvinn mykje lokalkunnskap.

– Kva synest du om at fleire kommunar står utan vegadresser?

– Det er ikkje bra i det heile teke. Vegadresseprosjektet er ikkje nedfelt i noka lov eller forskrift, men vi arbeider vidare med saka.

Inger Margrethe Kristiansen

VIL IKKJE HA NAMNLAUSE VEGAR: Inger Margrethe Kristiansen fortel at vegadresser er særleg viktig for blåljosetatane.

Foto: Sveinung Engeland / Kartverket

Adressene står på vent

Selje kommune er blant dei som framleis ikkje har ei einaste vegadresse. Rådmann Ørnulf Lillestøl seier at arbeidet har blitt nedprioritert på grunn av ein større arealplan som mellom anna gjeld Stad skipstunnel.

– Vi vurderte dette for eit år sidan, og da valde vi å utsetja prosessen. Prosjektet står foreløpig på vent, men vi kjem til å starte opp arbeidet i vår.

– Er du redd for at dei manglande adressene kan føre til vanskelege situasjonar?

– Nei. Korkje frå politi- eller ambulansesida har vi erfart at det har vore konkrete problemstillingar. Sjølvsagt kan manglande adresser ha skapt uklarleik, men det har vi greidd å finne ut av undervegs, seier rådmannen i Selje.

Ørnulf Lillestøl

IKKJE UROA: Sjølv om det lokale lensmannskontoret truleg kjem til å bli lagt ned, er ikkje rådmann Ørnulf Lillestøl redd for at patruljar frå andre stader skal få problem med å finne fram i Selje.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK