Medlem av sosialkomiteen på Stortinget, Per Steinar Osmundnes, meiner Helse Vest dermed er budsjettvinnaren.
Skeivfordeling
Hundre av desse millionane får Helse Vest for å rette opp litt av skeivfordelinga mellom helseregionane.
Summen er likevel berre halvparten av det regionen hevdar dei må ha for å oppretthalde dagens tilbod. Helseregionane fekk totalt 500 millioner kroner etter budsjettforliket og Helse vest får mest.
Ikkje øyremerka
Ekstraløyvinga er ikkje bunden, og Helse Vest kan bruke pengane slik dei vil. Kva som kjem Helse Førde til gode, er difor heilt uvisst.